Jonas Sleen

Jobb: Instrumentingeniør
Arbeidsgiver: Aker Solutions
Uteksaminert: 2025
Utdanning:
Elektronikk - ingeniørutdanning
Utdanninga har hjelpt meg veldig i arbeidslivet
Bygger grunnlaget for sikre offshoreinstallasjonar
I jobben som instrumentingeniør i fabrikasjonsavdelinga har Jonas ansvar for arbeidsunderlaget knytt til instrument- og telekommunikasjonsutstyr på plattformene Aker Solutions bygger.
- Eg verifiserer at nødvendig dokumentasjon er på plass, deler opp arbeidet effektivt i jobbpakkar, sørger for at plassering av utstyr er rett, og følger opp arbeidet som blir gjort og eventuelle endringar.
Praktisk og teoretisk bakgrunn blei vegen inn i jobben
Jonas fortel at han fekk jobben som instrumentingeniør på grunn av ein kombinasjon av utdanning og praktisk erfaring. Jonas har fagbrev som automatikar, og jobba tidlegare innleigd i Aker Solutions «på golvet» før han blei ingeniør. Han fremmar dette som ein styrke inn i søknadsprosessen, sidan praktisk erfaring er ettertrakta som ingeniør.
Overgangen frå studium til jobb
Overgangen frå studieliv til heiltidsjobb har gått veldig fint, fortel Jonas:
- Det er veldig fint å ikkje ha innleveringar som må gjerast eller eksamenar å lese til, og kunne nyte fritida og kveldane kvar dag.
Samtidig innrømmer han at det var litt skummelt før han begynte. Usikkerheita rundt kva som eigentleg ventar i første ingeniørjobb er nok noko dei fleste kjenner på. Kjensla gjekk likevel raskt over då han blei godt tatt imot av kollegaer og merka at utdanninga hadde førebudd han godt.
Elektronikkstudiet ved UiA
Interessa for elektronikk kom naturleg for Jonas. Med ein bakgrunn innan automasjon synest han det verka spennande å kunne få ei forståing for korleis elektronisk utstyr er bygd opp frå grunnen av, og korleis det fungerer saman.
Jonas opplever at utdanninga har vore svært relevant for arbeidslivet, både fagleg og metodisk.
- Utdanninga har hjelpt meg veldig i arbeidslivet både på ein fagleg måte, men også korleis ein jobbar effektivt i lag med andre, eller korleis ein bryt ned større problem til noko handterleg.
Fagleg merkar han at han ofte kjenner igjen konsept frå undervisinga, og at erfaring med teknisk dokumentasjon og datablad har vore særleg nyttig i jobben.
- Faginnhaldet på studiet er veldig spennande, og blandinga mellom dei teoretiske og praktiske gjer det veldig gøy å jobbe med faga.
Forelesarar som ser studentane
Når Jonas blir spurd om kvifor han vil tilrå elektronikkstudiet ved UiA, er han spesielt opptatt av menneska som underviser.
- Det beste med elektronikkstudiet ved UiA må vere forelesarane. Dei er ikkje berre veldig dyktige i faga sine, men dei er alltid villige til å hjelpe dersom det trengst.
Han set pris på at forelesarane er synlege og tilgjengelege, både i elektronikklaben og på kontora sine, og at terskelen for å be om hjelp er låg.
Grimstad som studiestad
For Jonas var også val av studiestad viktig. Etter å ha tatt forkurs i Oslo, kjente han på saknet av å bu i ein mindre by.
- Grimstad er ikkje den største byen i Noreg, men det synest eg er positivt. Ein blir fort kjent med både medstudentar og forelesarar, og det er eit sterkt samhald på tvers av dei ulike studia ved campus Grimstad.
Tips til studentar
- Hald motet oppe i starten av studiane. Det kan først vere veldig overveldande med mange nye fag, spesielt om du ikkje kjem rett frå vidaregåande. Sjølv hadde eg jobba i nokre år før eg begynte å studere, så det var veldig vanskeleg med omstillinga frå arbeidslivet til studielivet, men etter kvart får ein kontroll på det igjen.