Jesper Ibsen

Jobb: Vunerability Engineer
Arbeidsgivar: Telenor Fornebu
Uteksaminert: 2025
Utdanning:
Data - ingeniørutdanning (bachelor)
Cybersecurity Engineering (master)
Faktorar som løn, arbeidsstad, arbeidsoppgaver og moglegheiter for kompetansevekst gjorde at eg valde Telenor.
Kvardagen som Vunerability Engineer
Jespers arbeidskvardag er sentrert rundt å implementere og utbetre prosessar for å oppdage sårbarheiter på Telenors infrastruktur. Arbeidet spenner frå installasjon av verktøy, samanstilling av risiko, rapportering av resultat og sikre at sårbarheiter blir forstått og utbetra. Rolla krev både teknisk djupneforståing og evne til å kommunisere risiko på ein tydeleg og strukturert måte.
Valde Telenor etter ein omfattande jobbsøkarprosess
Jesper starta jobbsøkinga tidleg i siste semester ved UiA. Etter mange søknader og fleire intervjuprosessar fekk han eit tydeleg bilde av kva som var viktig for han i val av arbeidsgivar.
- Eg måtte tenke grundig på kva som var viktig for meg. Faktorar som løn, arbeidsstad, arbeidsoppgåver og moglegheiter for kompetansevekst gjorde at eg valde Telenor.
Ein god overgang fra studium til arbeidsliv
Overgangen frå studium til arbeidsliv opplevde Jesper som god. Han trekker særleg fram eigne rutinar og struktur som avgjerande for å handtere mengda ny informasjon ein møter som nytilsett i eit stort teknologimiljø.
Frå programmering til cybersecurity
Jesper starta studieløpet med interesse for programmering og programvareutvikling. Gjennom ei ingeniørutdanning innan data ved UiA og oppdaga han etter kvart at tradisjonell utvikling ikkje var heilt rett retning for han. Valfag innan penetration-testing og sikkerheitsrelaterte emne blei eit vendepunkt for han.
- Det gjorde at tanken på å studere Cybersecurity Engineering fall ganske naturleg.
Brukar kompetanse frå både bachelor og master
I jobben hos Telenor får Jesper brukt kunnskap frå heile utdanningsløpet. Spesielt trekker han fram tekniske ferdigheiter innan Linux, scripting og programmering som direkte anvendbare i arbeidskvardagen.
Kombinasjonen av grunnleggande systemforståing og spesialisert sikkerheitskompetanse gjer det mogleg å jobbe effektivt med både analyse og praktisk handtering av sårbarheiter.
Campus Grimstad som teknisk studiemiljø
Jesper framhevar studiemiljøet ved campus Grimstad som ein viktig del av studietida. Det tekniske fakultetet samlar mange ingeniørstudentar på éin stad, noko som legg til rette for samarbeid på tvers av fag gjennom fellesemne og prosjekt.
- Studiemiljøet i Grimstad er veldig godt. Byen er relativt liten, men har mange studentar, noko som gjer at det skjer mykje for dei som ønsker å engasjere seg.
Tips til studentar
Til studentar tilrår Jesper å etablere gode rutinar og nytte seg av rådgivarar.
- Eg tilrår å få inn enkel studieteknikk og rutinar tidleg. Nytt deg også av rådgivarar for råd og spørsmål rundt utdanning. Eg brukte sjølv rådgivar for å finne ut av kva masterar som var moglege for meg.