Sikrar rette svar i pasientbehandlinga

Kristina Lian jobbar som bioingeniør ved Sørlandet sykehus. I laboratoriet analyserer ho prøver som kan vere avgjerande for diagnostikk og behandling; eit arbeid som krev både nøyaktigheit, fagkunnskap og teknisk forståing.

Kristina Lian

Kristina ser inn i kamera og smiler

Jobb: Bioingeniør

Arbeidsgivar: Sørlandet sykehus

Uteksaminert: 2025

Utdanning:

Bioingeniør (Bachelor)

Bioingeniør er ei ettertrakta yrkesgruppe og det er gode moglegheiter for jobb etter enda studie. 

Analyserer kroppsvæsker

På avdeling for medisinsk biokjemi jobbar Kristina med analysar av kroppsvæsker, hovudsakleg blod og urin. Arbeidsdagane varierer avhengig av kva oppgåver ho har ansvar for.

Den siste tida har ho blant anna jobba med urinprøver, der ho utfører analysar som urinstixs og urinmikroskopi.

– I løpet av ein dag vil det kome nokon prøver der det er bestilt urinmikroskopi. Då sentrifugerer eg urinen og fargar botnfallet. Eg vil då kunne sjå og identifisere ulike celler og eventuelle sylinderstrukturar i mikroskopet. Å ha sylinderstrukturar i urinen vil ofte vere eit sjukdomsteikn, spesielt dersom det er mange av desse.

Ho arbeider også med rusmiddelanalysar i urinprøver, der ho følger heile prosessen frå vedlikehald av instrument og kvalitetskontrollar til analyse og vurdering av resultat.

Tok initiativ og fekk foten innanfor

Vegen inn i jobben starta allereie under studiane. Kristina tok sjølv kontakt med avdelinga for å få relevant erfaring ved sida av studiane.

– Eg sende e-post til leiar for avdelinga med ønske om ein deltidsjobb ved sida av studiane.

Gjennom hennar initiativ fekk ho ein deltidsjobb i helgene der ho fekk opplæring i blodprøvetaking. Vidare fekk ho sommarjobb i avdelinga og blei, etter enda studium, tilboden å fortsette i avdelinga i eit vikariat.

Ein gradvis overgang til arbeidslivet

Kristina jobba ved sida av studiane og opplevde derfor overgangen til heiltidsjobb som naturleg.

– Overgangen frå studium til arbeidsliv blei ein fin og flytande overgang.

Ekstravakter undervegs i studiet gav henne eit realistisk bilde av arbeidskvardagen og gjorde at ho kjente seg godt førebudd då ho begynte i full stilling.

Ønskte å gjere ein forskjell

Valet om å bli bioingeniør handla både om interesse og ønsket om å gjere ein forskjell.

– Grunnen til at eg valde bioingeniør var eit ønske om å ha ein meiningsfull jobb og bidra til helsevesenet.

Kristina har alltid vore interessert i realfag og synst det var spennande å lære om korleis kroppen fungerer og korleis ein kan bruke ulike analysar til å påvise sjukdom. Ho trekker også fram dei gode jobbmoglegheitene som ein motivasjon.

– Bioingeniør er ei ettertrakta yrkesgruppe og det er gode moglegheiter for jobb etter enda studie. Det er eit framtidsretta yrke og mykje ny, spennande forsking på området.

Kunnskap som gir tryggleik i praksis

I jobben har Kristina stor nytte av både teori og praktiske ferdigheiter frå studiet.

– Teorikunnskapane har vore veldig relevante for forståinga av kva ein jobbar med og betydinga av det ein gjer. Under studiet har vi også hatt mange ulike medisinske laboratorieøvingar som har vore veldig nyttig for arbeidslivet.

Laboratorieøvingane frå studietida har gitt henne ei forståing av analysemetodar og instrument, noko som gjer det lettare å tolke resultat og forstå kva som skjer bak teknologien ho bruker til dagleg.

Eit studium med mange moglegheiter

Kristina tilrår studiet til andre som vurderer ein karriere innan helse og realfag.

– Du får høve til å lære mykje spennande og samtidig bidra til samfunnet der det trengst. Eg vil spesielt tilrå å studere på UiA då det er eit lite miljø og derfor lett å bli kjent med folk og bli trygg på studentgruppa.

Ho framhevar at studiet gir innsikt i fleire fagområdet, som det er moglegheiter for vidareutdanning i, samtidig som det gir ein trygg inngang til arbeidslivet.

Tips til studentar

– Tipset mitt til nye studentar er å ha det gøy mens ein studerer. Finn dei måtane du sjølv lærer best på og fyll på med det som gir deg energi når du har fri.

Les meir om studiet:

Bioingeniør (Bachelor)

Publisert 5. mai 2026 - Sist endret 5. mai 2026