Med master i AI inn i komplekse driftsmiljø

Med master i Aritifical Intelligence jobbar Thomas Nielsen i dag som operations fullstack developer i Marlink, der han utviklar løysingar som held kritisk IT- og nettverksdrift i gang i nokre av dei mest krevjande miljøa i verda.

Thomas Nielsen

Thomas ser inn i kamera

Jobb: Operations Fullstack Developer

Arbeidsgivar: Marlink

Uteksaminert: 2025

Utdanning:

Data - ingeniørutdanning (Bachelor)

Artificial Intelligence and the Internet of things 

Spesielt det eg lærte om databehandling, analyse og visualisering har kome ekstremt mykje til nytte. 

Utviklar løysingar for stabil drift 

Thomas jobbar som operations fullstack developer i Marlink, i eit lite team kalla MonIT (Monitoring IT). Marlink leverer kommunikasjons- og IT-løysingar til verksemder som opererer i fjerntliggande og krevjande omgivnader, blant anna til sjøs og offshore, stader der vanleg nettverksdekning ikkje er sjølvsagt.

Rolla hans handlar mykje om å sikre stabil drift for Marlinks Network Operations Center (NOC).

– Eg visualiserer data, automatiserer prosessar og lagar proaktive alarmar for nedetid. Og dessutan utvikle interne system for Marlinks NOC.

Vegen inn i Marlink

Jobben i Marlink fekk Thomas gjennom ein ordinær søknadsprosess på finn.no. Etter to intervjua, eit digitalt og eit fysisk, fekk han tilbod om jobben. Samtidig hadde han også fått tilbod om ei stilling ved ei anna verksemd, men valet fall til slutt på Marlink.

– Eg valde Marlink fordi dei tilbaud ein meir interessante og ansvarsfull stilling.

Overgangen frå studium til arbeidslivet opplevde Thomas som naturleg. Ved sida av studiane hadde han jobba deltid som sikkerheitsanalytikar i Telenor i over tre år, og var derfor godt vand til arbeidskvardagen allereie før han var ferdig utdanna.

Frå dataingeniør til sivilingeniør i AI

Studieløpet til Thomas starta med ein bachelor i dataingeniørfag ved UiA. Valet fall på dataingeniør då hans synest det verka trygt og interessant med ei utdanning innan IT og utvikling.

Etter bacheloren ønskte han å utvide kompetansen ytterlegare med ei sivilingeniørgrad. Med ein bachelor innan dataingeniørfag hadde han fleire høve til å gå vidare med ulike mastergrader. Valet landa på å ein master i Artificial Intelligence ved UiA.

– Eg kunne allereie ein del om blant anna cybersikkerheit frå jobb og interesse, så AI kjentest meir spennande.

Tankesett frå masteren brukt i praksis

Sjølv om Thomas ikkje jobbar direkte med kunstig intelligens kvar dag, har masterutdanninga vore relevant i den nåverande jobben hans, på mange måtar. Store delar av rolla hans handlar om å hente ut data, skire kvalitet, strukturere informasjon og visualisere henne på ein måte som gir verdi.

– Spesielt det eg lærte om databehandling, analyse og visualisering har kome ekstremt mykje til nytte. I Marlink er det viktig å presentere data på ein tydeleg måte, og der kjenner eg at studiet gav meg mykje.

Ein moderne master med fagleg fridom

Thomas trekker fram masterstudiet ved UiA som ein god kombinasjon av arbeidslivsrelevans og akademisk fordjuping. Han opplevde særleg at studiet gav han heilskapleg akademisk trening, særleg gjennom sjølvstendig arbeid og fordjuping i ei masteroppgåve.

– Innhaldet kjentest også moderne, og ein fekk fridom til å forske nye AI-teknologiar.

Tips til studentar

– Bruk språkmodellar (som ChatGPT) på ein smart måte. Dei er sjukt gode til å brainstorme, forklare og diskutere ting ein er usikker på, men ikkje bruk dei til kognitiv offloading eller å stole på dei blindt. Om ein berre offloader alt og ikkje tenker kritisk sjølv, lærer ein ingenting. Sjølv om det kan verke som den lettaste utvegen når innleveringsfristen nærmar seg.

Publisert 5. feb. 2026 - Sist endret 5. feb. 2026