Rune Alexander Laursen

Jobb: Daglig leiar
Arbeidsgivar: Varde Tech og Paral Dynamic
Uteksaminert: 2023
Utdanning:
Data - ingeniørutdanning (bachelor)
Artificial Intelligence and the Internet of Things (master)
Vi har det gøy på jobb kvar dag, og vi jobbar for oss sjølve, så det er svært givande!
Kombinerer strategi, menneske og teknologi
Rune Alexander er dagleg leiar i Varde Tech og Paral Dynamic, og arbeidsdagen hans består av langt meir enn koding aleine. Mykje av tida går til strategi, planlegging og dialog med både samarbeidspartnarar og kundar. Ein viktig del av rolla handlar om å sikre at selskapa har rett retning, nok prosjekt og ei berekraftig utvikling vidare.
– På dagtid jobbar eg tett med kollegaer, kundar og partnarar. På kveldstida finn eg framleis tid til å kode.
Kombinasjonen av leiing og teknisk arbeids gjer kvardagen variert og gir han høve til å bruke heile breidda av kompetansen sin.
Utvikla eige selskap
Vegen inn i arbeidslivet blei alt anna ein tradisjonell. Allereie tidleg i studieløpet bestemte Rune Alexander seg for at han ville starte eige selskap. Saman med ein medstudent, blei dette ein realitet.
– Klassekameraten min og eg laga ein algoritme med ein KI-modell som predikterer glukosenivå frami tid som masteroppgåva vår, resultata blei så gode at vi valde å starte firma for å jobbe vidare med det.
Undervegs fekk dei støtte frå UiA Nyskaping, som hjelpte dei med både selskapsbygging og søknader om finansiering, blant anna gjennom Innovasjon Noregs studentmillion.
Ein annleis overgang til arbeidslivet
Rune Alexander opplevde at overgangen frå studentlivet til å gå inn i arbeidslivet med eiga bedrift har gått veldig fint, men har bode på unike utfordringar.
– Vi har måtte smørje oss med tolmod då løningane ikkje har vore like gode som dei kunne vore om vi hadde tatt den "vanlege" vegen å søke fast jobb ein plass. Men vi har det gøy på jobb kvar dag, og vi jobbar for oss sjølve, så det er svært givande!
Teknologiinteresse som drivkraft
Valet at utdanning var godt forankra i ei tidleg interesse for teknologi og tekniske løysingar. Dataingeniørstudiet ved UiA blei då eit naturleg val, og undervegs vaks ønsket om å fordjupe seg ytterlegare.
Derfor fortsette Rune Alexander på ein master i IKT, med særleg fokus på kunstig intelligens, eit fagfelt han opplevde som både spennande og framtidsretta.
Kunnskap som fungerer i praksis
Rune Alexander opplever at utdanninga har vore svært relevant for arbeidslivet.
– Sjølv om KI-modellar kan spytte ut mykje kode som kan gjere kule ting, så treng ein framleis nokon som kan sette koden i system, få det til å fungere, og ikkje minst tenke på sikkerheita eller bygge vidare.
Særleg trekker han fram den prosjektbaserte undervisinga ved UiA. Mange fag starta med teori, før studentane sjølv måtte definere og gjennomføre prosjekt innanfor gitte rammer. Denne måten å jobbe på lærte han å planlegge framover, ta bevisste val og levere innanfor tidsfristar; ferdigheiter han bruker dagleg som gründer og leiar.
Eit studium for dei som liker å skape
Rune Alexander tilrår studia ved UiA til alle som trivst med data og teknologi. Han peikar spesielt på den gode balansen mellom teori og praksis, og moglegheita til å jobbe med reelle problemstillingar allereie i studietida.
For han blei studiet ikkje berre ei utdanning, men eit springbrett til å skape noko eige.
Samarbeid som varer
Kontakten med medstudentar og alumnar har hatt mykje å seie også etter studiane. Selskapet driv han framleis saman med ein tidlegare studiekamerat, og nettverket frå UiA har gitt både fagleg støtte og gode råd undervegs.
I periodar der studietida kjentest ekstra krevjande, fekk han også verdifulle råd frå andre UiA-alumnar.
– I en av de periodene jeg følte jeg hadde hodet litt under vann, fikk jeg en anbefaling fra en bekjent som også hadde tatt master på UiA, at løsningen på det var å gå "all-inn" på studia. Eg følgde rådet, som var kjipt for økonomien, men det gav verkeleg resultat!
Tips til studentar
– Snakk med medstudentar om når du sit fast, ei anna forklaring kan vere ei openberring! Finn nokon på studiet som har same mål som deg, og ikkje gi deg før du finn dei, det gjer tida på universitetet mykje gøyare når ein jobbar saman mot mål.