Frå masterstudent til System Engineer i maritim sektor

Kamar Mubasier jobbar i dag som System Engineer i Telenor Maritime. Med bakgrunn som sivilingeniør, arbeider han i skjeringspunktet mellom avansert teknologi, nettverksløysingar og forsking.

Kamar Mubasier

Kamar ser inn i kamera og smiler

Jobb: Telco Engineer

Arbeidsgivar: Telenor Maritime

Uteksaminert: 2024

Utdanning:

Elektronikk - Ingeniørutdanning (Bachelor)

Artificial Intelligence and the Internet of Things (Master)

Allereie som bachelorstudent blei eg kjent med kor dyktig forelesarane var og kor godt dei brukte pensum.

Jobbar med mobilteknologi til sjøs

Kamar er ein del av Mobile Technology-avdelinga, eit team som utviklar og driftar mobil- og kommunikasjonsløysingar for cruise, ferjer og offshore-installasjonar.

– Teamet har spisskompetanse innanfor radioteknologi og kjerneteknologi. Vi jobbar produktorienterte med brukaren i fokus.

Arbeidskvardagen hans er todelt, med fokus på både den operative delen, men også arbeid innan forsking og utvikling. Den operative delen handlar om design og implementering av mobilsystem, konfigurering av løysingar, testing i lab, utrulling til produksjon og kontinuerleg optimalisering og feilsøking i nettverka. Når løysingane er i drift, følger han også opp både leverandørar og kundar. I tillegg jobbar han med forsking og utvikling, der han er tett involvert i utviklingsprosjekt saman med Telenor Research & Innovation.

Ein naturleg overgang til arbeidslivet 

Overgangen frå studium til jobb opplevde Kamar som relativt saumlaus. Allereie som student engasjerte han seg i deltidsjobbar ved universitetet og hadde internship hos Nasjonal-kommunikasjonsmyndighet. Derfor kjente Kamar at han, allereie som master-student, var vand til arbeidslivet.

Likevel innebar overgangen eit tydeleg skifte i ansvar:

– I studietida var det kanskje eksamenar som var deadline-fokuset, men nå er det prosjektleveransar som hastar. Du har meir ansvar enn før og blir sett rett inn for å jobbe i eit produksjonsmiljø, så tempoet er høgt og ansvarsområdet er ganske breitt.

Relevansen ligg i heilskapen

Kamar fortel at mykje av det han lærte under bachelor- og master studiet har vore nyttig og relevant for arbeidslivet. Han understrekar at det ikkje er all teori som blir brukt direkte i jobben, sidan dette vil variere basert på kva retning du har tenkt å ta i arbeidslivet.

Under studietida fekk Kamar høve til å knyte teori opp mot praktiske løysingar i næringslivet.

– Eg var allereie involvert i forskingsprosjekt under masterstudiet, og jobba med prosjekt knytte til arbeidslivet. Både bachelor- og masteroppgåva mi var knytt til industrien, noko som kopla studiane mine endå tettare opp til det praktiske.

I arbeidslivet er det kombinasjonen av teknisk forståing og personlege ferdigheiter som tel. Kamar understrekar at evne til samarbeid, arbeidsdisiplin, stressmeistring og ansvar er avgjerande. Dette er ferdigheiter som blir utvikla gjennom omfattande teknologistudiar som ein master i AI og IoT.

Valde studiet ut frå ei interesse for teknologi

Valet av master i AI og IoT var først og fremst interessebasert for Kamar. Han hadde alltid vore opptatt av teknologi, og opplevde at studiet bygde godt vidare på bachelorgrada i elektronikk. Han hadde også alltid hatt som mål å ta ein master. Dermed blei studiet innan Artificial Intelligence and the Internet of Things eit naturleg val.

Kamar tilrår studiet og UiA, særleg på grunn av relevant pensum og dyktige forelesarar.

– Allereie som bachelorstudent i elektronikk blei eg kjent med kor dyktig forelesarane var og kor godt dei brukte pensum. Det var grunnen til at eg valde UiA framfor andre universitet.

Kamar meiner at det er ein styrke at UiA er mindre enn mange andre universitet. Terskelen for å ta kontakt med forelesarar er låg, prosjekta er relevante for arbeidslivet, og studiemiljøet legg godt til rette for både fagleg og personleg utvikling.

Tips til studentar

– Engasjer deg, og spør alltid spørsmål! Det er mange dyktige forelesarar og professorar som er der for å hjelpe deg.

Publisert 30. jan. 2026 - Sist endret 2. feb. 2026