UiA Karriere samla studentar til kurs om LinkedIn og jobbsøking

Førre veke arrangerte UiA Karriere eit kurs for studentane med fokus på LinkedIn, CV og søknad; verktøy som stadig blir viktigare i ein meir konkurranseprega arbeidsmarknad.

Christina Elefsen holder fremlegg for studentene
Av Julia Finbak Hassel, kommunikasjonsrådgiver
Publisert 9. feb. 2026 - Sist endret 9. feb. 2026

Over 100 ivrige studentar deltok

Kurset blei arrangert på campus Kristiansand og samla over 100 påmelde studentar. Teamkoordinator Silje Holteberg og seniorrådgivar Christina Elefsen frå UiA Karriere var begge svært nøgde med oppmøtet og engasjementet blant deltakarane.

–Det er veldig positivt med stort oppmøte. Når over 100 studentar møte opp for å lære meir om LinkedIn og jobbsøking, viser det at behovet for konkrete karriereråd er stort, og at studentane verkeleg ønsker å førebu seg på arbeidslivet, seier Elefsen.

Alexander Skaug Ytterbøl fra Trainee Sør holder foredrag for studentene

Innleiingsvis forklarte Akexander Skaug Ytterbøl frå Trainee Sør, korleis studentane kan bygge ein attraktiv Linekdin-profil og bruke plattforma meir strategisk.

Han peika på at mange studentar i dag er passive brukarar av LinkedIn, og understreka at auka synlegheit ofte handlar om å vere meir aktiv, blant anna ved å dele innlegg og samle kontaktane ein får gjennom studietida inn i nettverket sitt.

Vidare gav Christina Elefsen frå UiA Karriere konkrete og lett gjennomførbare tips om korleis studentane kan kome i kontakt med arbeidsgivarar. Ho gå også studentane konkrete råd om korleis dei lagar ein god CV og søknad som gir deg eit fortrinn i jobbsøkarprosessen. Her var det særleg vekt på korleis ein kan formidle kompetansen sin på ein tydeleg måte. Det blei også gitt råd om korleis studentane kan bruke KI på ein god måte når dei søker jobb.

– Ein god CV skil seg ut med å vere oversiktleg. Den viser godt korleis kompetanse ein har slik at arbeidsgivar raskt dannar seg eit inntrykk av kva denne personen kan bidra med, forklarer Elefsen.

I tillegg fekk deltakarane informasjon om kva tenester UiA Karriere tilbyr, blant anna CV-sjekk, formidling av ledige stillingar og sjølvhjelpsressursar for jobbsøking både under og etter studiane.

Studenter som sitter i forelesningssal og følger med på foredrag

Ambisiøse unge som søker tryggleik

Ifølge UNG 2026-undersøkinga gjennomført av Opinion, som bygger på ei landsrepresentativ spørjeundersøking blant unge i alderen 15-25 år, trer dagens unge tidleg inn i vaksenlivet. Dei tar økonomisk ansvar, har høge ambisjonar og ønsker stabile rammer for framtida.

Når unge blir spurde om kva dei knyter til eit vellykka liv, er det å «jobbe med noe jeg interesserer meg for» som skårar høgast. Undersøkinga viser at tryggleik og jobbsikkerheit speler ei stadig viktigare rolle for val av både utdanning og yrke, særleg i ei tid prega av usikkerheit i samfunnet og arbeidsmarknaden.

UiA Karriere rettar tilboda sine mot akkurat dette behovet:

–UiA Karriere ønsker å støtte studentar i overgangen frå studium til jobb. Det blir blant anna tilbode CV-sjekk, kurs og arrangement gjennom året, i samarbeid med fakulteta og studentforeiningar. Målet er å gi studentane konkrete verktøy og tryggleik i møte med arbeidslivet.

Kandidatundersøkinga 2025, som er sendt til UiA-kandidatar uteksaminert i perioden 2022-2025, viser at arbeidsmarknaden har blitt merkbart tøffare for nyutdanna enn før. Samtidig er kandidatane gjennomgåande nøgde med utdanninga frå UiA og trekker fram kontakten med arbeidslivet under studiane som svært nyttig.

Fleire kandidatar uttrykker likevel eit ønske om endå sterke arbeidslivsretta fokus under studietida, noko tilbod som dette kurset er meint å svare på.

Silje Holteberg frå UiA Karriere oppfordrar alle studentar til å nytte seg av karrierearrangementa som blir tilbodne:

–Ha auga oppe og ver med på dei arrangementa som finst. Nå er det karriereveke og karrieredagar rett rundt hjørnet, vêr der det skjer.

Christina Elefsen holder foredrag og smiler ut til studentene

Svært nøgde deltakarar

Evalueringa frå studentane som var med på LinkedIn- og jobbsøkingskurset viser høg tilfredsheit. Heile 94 prosent av deltakarane oppgir at dei vil tilrå framtidige studentar å vere med på tilsvarande kurs.

I fritekstkommentarane trekker deltakarane fram at kurset gav dei ny innsikt, konkrete og gjennomførbare tips, og tryggleik i møte med jobbsøkarprosessen. Fleire beskriv innhaldet som både inspirerande og relevant.

Dei gode tilbakemeldingane gir UiA Karriere ei tydeleg bekrefting på at kurset treffer godt:

–Når så mange seier at dei vil tilrå kurset vidare, tar vi det som eit teikn på at vi treffer behovet studentane har akkurat nå.

Skapar arenaer for meistring

Både UNG 2026 undersøkinga og kandidatundersøkinga 2025 viser at unge har sterke ambisjonar og eit tydeleg ønsker om å lykkast i arbeidslivet. Samtidig treng mange støtte og trygge arenaer for å utvikle ferdigheiter, bygge sjølvtillit og ta gode val for framtida.

Gjennom kurs som dette ønsker UiA Karriere å gi studentane verktøya dei treng for å stå sterkare i overgangen frå studium til arbeidsliv.

Sjå meir om UiA Karrieres tilbod:

Jobb og karriere