Alle studentar har ein karriere

Kva betyr eigentleg karriere og kva handlar det om? Ordet karriere betyr rett og slett arbeidsforløp. Det vil seie at alle som har planar om å ha eit arbeidsliv, også har ein karriere.

Bildet viser en gruppe studenter, bord, stoler, data, vannflaske, illustrasjonsfoto
Av Silje Holteberg
Publisert 1. mars 2024 - Sist endra 7. okt. 2025

Karriere er eit misforstått omgrep som ofte blir knytt til framgang, suksess, ambisjonar eller høgtidelege stillingstitlar. Av og til kan ein få eit inntrykk av at karriere er noko som berre er reservert for dei spesielt priviligerte, eller dei som bruker ekstremt mykje tid på jobb. Det kan nesten verke som at karriere er noko du vel – ofte på kostnad av noko anna.

Sjølv om du endå er student, har du allereie tatt val som er ein del av karrieren din. Du har valt eit utdanningsløp, kanskje har du engasjert deg i nokre spesifikke aktivitetar ved sida av studiane, eller kanskje du har ein deltidsjobb eller sommarjobb. Alle desse vala er ein del av karrieren din.

Kvifor bør du ha eit bevisst forhold til karrieren din?

I løpet av livet har du kanskje blitt spurd om, eller tenkt over, kva som er din “draumejobb”. Det farlege med uttrykket “draumejobb” er at det indikerer at det berre er éin jobb som er perfekt for deg, og fallhøgda kan opplevast høg om ein ikkje når målet sitt som nyutdanna student. I realiteten fungerer ikkje arbeidslivet slik – dei færraste har ein “draumejobb” som ventar på dei etter enda utdanning. Dei aller fleste må gjennom ein jobbsøkarprosess, og mange kjem til å søke på fleire ulike stillingar med ulike arbeidsoppgåver. Dette er ofte ein spennande prosess, der ein blir kjent med kompetansen sin og uante moglegheiter kan dukke opp. Dei fleste opplever også avvisingar, nederlag og vil erfare at det å vere jobbsøkar kan vere tøft.

Det som kan gjere ein slik jobbsøkarprosess litt enklare – er om du i studietida ikkje har låst deg fast til éin “draumejobb”. I staden bør du bruke studietida til å fokusere på kva som er viktig for deg i ditt liv, kva du engasjerer deg for og kva ferdigheiter du har lyst til å utvikle. På denne måten vil du innsjå at du har fleire høve til å velje kva karrieren din skal innehalde.

Vidare er det heller ikkje slik at karrieren din først begynner etter at du er ferdig utdanna. Vala du tar i løpet av studiet inngår også i karrieren din, og når du ein dag skal søke jobb er det ein fordel om du veit kven du er, kva val du har tatt og kvifor du har tatt desse vala. Først når du er klar over kven du er, kva du kan og kva du vil, kan du overtyde ein potensiell arbeidsgivar om kvifor dei skal velje akkurat deg.

Korleis kan du ta grep om di eiga karriereutvikling?

Å skulle ta avgjerder eller val som er knytt til karrieren din kan vere både vanskeleg og skremmande. Mange treng hjelp til å sette ord på kva dei har lært gjennom studiet og finne si retning i arbeidslivet Som student kan du bestille individuell rettleiing med ein av karriererettleiarane våre. Dersom du bestiller ein karriererettleiingstime kan du vere trygg på at du blir møtt med respekt uavhengig av kva situasjon du står i, eller kva spørsmål du har. Karriererettleiarane våre har teieplikt, og dei ønsker å bruke kompetansen sin til det som er best for deg.

I tillegg til individuell rettleiing held karriererettleiarane våre ei rekke kurs om blant anna CV, søknad, jobbintervju og LinkedIn. Dei har også høve til å skreddarsy kurs eller workshop for studentforeiningar eller fagmiljø.

Mange arbeidsgivar ønsker samarbeid med studentar for eksempel gjennom oppgåvesamarbeid eller praksis. På nettsida vår kan du i tillegg finne ledige stillingar der arbeidsgivar er spesielt interessert i å rekruttere UiA-studentar.