15. april er det søknadsfrist for høgare utdanning i Noreg, og for deg som vurderer å studere eller endre studieretning skal det gjerast eit utdanningsval.
For mange blir dette opplevd som eit vanskeleg val og ein krevjande og uoversiktleg prosess, kor mange ønsker å meine noko.
Silje Holteberg og Jofrid Meidell er karriere- og studierettleiarar ved Universitetet i Agder. Saman har dei samla nokre tips for å gjere deg tryggare på valet som skal takast og ruste deg for tida fram mot studiestart.
1. Få oversikt over tilbod og moglegheiter
Om du er usikker på kva du vil studere kan det vere lurt å sjekke kva moglegheiter som finst. På utdanning.no kan du søke etter ulike studium eller yrke basert på kva interesser du har. Finn du eit spennande yrke, er det enkelt å sjekke kva utdanning du kan ta for å kome dit.
I tillegg kan du sjekke ut studieoversikta til Samordna opptak, for å sjå kva institusjonar som tilbyr ulike studiar.
2. Vurder studietilboda og poenggrensene
Om du veit kva du vil studere kan du vurdere dei ulike studieprogramma opp mot kvarandre. Sjekk for eksempel ut oppbygginga til studiet, og klikk deg inn på emnebeskrivingane i studieplanen for å sjå kva du faktisk kjem til å lære i løpet av studietida (desse kan du sannsynlegvis finne på nettsida til institusjonen).
Vidare kan det vere lurt å ta ein titt på kva poenggrensa for studiet var i fjor, for å sjekke at det er ei realistisk moglegheit. Poenggrensene kan variere noko frå år til år og frå studiestad til studiestad, men poenggrensa i fjor gir ofte eit bilde av kva snittet ligg på.
I studieoversikta til Samordna opptak kan du sjå tidlegare poenggrenser.
3. Er det noko som hindrar deg i å velje det du eigentleg ønsker?
I så fall kan du prøve å vurdere om denne hindringa er reell, eller om det kan vere ei tankefelle.
Tenk gjennom kva det er som hindrar deg i å gjere det studievalet som står øvst på ønskelista di. Snakk med nokon om kva som hindrar deg og gjer ei vurdering på om dette er ein barriere du kan overkome.
Dersom du for eksempel manglar eit fag for å kome inn på eit studium, kan det vere ei moglegheit å bruke eit år ekstra på å ta dette faget og forbetre snitta. Ved sida av kan du få verdifull arbeidserfaring, jobbe frivillig eller skaffe deg annan verdifull kompetanse.
4. Hugs at du kan omprioritere studiane fram til 1. juli
Om du er stressa eller usikker på kva du skal velje, hugs at du kan legge inn ti val i søknaden og omprioritere rekkefølga på desse heilt fram til 1. juli. Sjølv om søknadsfristen er 15. april, har du framleis tid til å gjere research og tenke over kva du vil studere.
Hugs å sette studiet du helst vil kome inn på øvst innan 1. juli. Dersom du får tilbod om studieplass på førstevalet ditt, vil dei andre ønska falle bort.
Sett deg godt inn i reglane for å svare på tilbod og ventelisteplass.
5. Ikkje ver redd for å velje feil
Dersom du skulle ende opp med å velje eit studium du ikkje er nøgd med, er ikkje dette verdas undergang. Det er inga skam å snu! Det er mange studentar før deg som har gjort akkurat det same.
Ei viktig erfaring ved "feilval" kan vere at du lærer endå meir om kva du ikkje vil, og du får ei erfaring som kan gi deg tankar om kva du har lyst til å gjere vidare. "Feilvalet" kan også vise seg å bli ein viktig tilleggskompetanse på CV-en din som gjer at du skil deg positivt ut, når du ein gong skal søke jobb.
Ein lærer heile livet, og nokon vil kanskje påstå at det er våre feil vi lærer mest av.
6. Aksepter usikkerheita
Aksepter at å velje studium er eit vanskeleg val. For dei aller fleste er valet av utdanning eit av dei første store vala ein tar, og det er heilt naturleg at du kjenner på både forvirring og usikkerheit.
Mange ventar at du har klare tankar om kva du skal jobbe med, men framtida kan verke usikker. I ei verd som er i stadig endring kan vi ikkje vite med 100% sikkerheit korleis arbeidsmoglegheitene ser ut i framtida, men ved å tileigne oss ulike kompetansar gjennom utdanninga står vi godt rusta til det som kjem.
Hugs at det å velje høgare utdanning berre er starten på den framtidige karrieren din, ikkje eit endeleg punktum for kva du skal jobbe med.
7. Vær åpen for ulike molegheiter
Sjå for deg eit mogleg studieløp, men ver open for at det kan dukke opp nye moglegheiter undervegs. Ikkje bli så fokusert på målet at du ikkje ser moglegheiter som dukkar opp eller endringar i dine interesse eller motivasjon.
Studietida er ein modningsprosess, og gjennom erfaringar du gjer undervegs, kan det dukke opp moglegheiter du ikkje visste fanst.
8. Snakk med folk!
Snakk med menneske som jobbar med fagfelta du er interessert i. Folk liker å dele av erfaringa si og hjelpe andre!
Er du interessert i å arbeide innanfor eit spesifikt felt, spør kva som krevst av ulik kompetanse og korleis du kan auke sjansane dine for å jobbe med akkurat dette.
Det er heller ingenting i vegen for å snakke med tidlegare studentar. Kanskje kjenner du nokon som kjenner andre som har studert det same som du vurderer? Nytt moglegheita til å spørje dei om det du lurer på.
9. Gled deg!
Sjølv om både valet og overgangen til studentlivet kan verke forvirrande og stressande må du hugse at du har mykje å glede deg til.
Dei aller fleste ser tilbake på studietida som ein av dei beste periodane i livet - og det med god grunn. Som ny student kan du delta i fadderveka, du får høve til å stifte mange nye venskap og til å engasjere deg i ulike foreningar og aktivitetar.
I tillegg kan du som student i stor grad styre din eigen kvardag, du blir meir sjølvstendig, og du kjem til å lære nye ting og utvikle deg som menneske.
Sist, men ikkje minst; du kan slumre mykje, ta langhelg ofte og utnytte studentrabattar for alt det er verdt, utan at det får konsekvensar for nokre andre enn deg sjølv. Er du framleis ikkje overtydd? Då bør du sjekke ut desse 100 gode grunnane til å studere.
Lykke til med studievalet!