1. Kva er ein student?
Å vere student er å gjere noko anna enn det du gjorde som skoleelev. Ein student prøver å tileigne seg ferdigheitene til ein fagperson, og etter kvart bli med i eit fellesskap med andre fagpersonar. Dei ferdigheitene du sit igjen med etter eksamen, er altså viktigare enn sjølve eksamen. Om du fokuserer på ferdigheitsutvikling, oppnår du både gode faglege ferdigheiter og gode resultat på eksamen som ein bonus.
2. Søke etter forskingslitteratur
Ver klar over at det å søke etter forskingslitteratur til ei oppgåve, er mykje meir enn å søke etter informasjon om eit tema. Det er også å leite etter dei samtalane fagfellesskapet allereie har seg imellom – kven som seier kva, kva som står på spel, osb. – og korleis ein kan bidra i desse samtalane. Sjå etter kven som er med, kva omgrep dei bruker, og kva artiklar og bøker dei viser til.
3. Kjeldetilvisingar
Ikkje ver overdrive redd for å gjere feil med kjeldetilvisingane. Sjå for deg at du skriv til fagfellesskapet, og skal bidra til ein samtale dei allereie har seg imellom, og prøv å vise tydeleg kven som seier kva, og kva som er bidraget ditt. Å bruke kjeldetilvisingar er å hjelpe interesserte lesarar å finne ut meir om noko du skriv om. Det handlar om å vere ein god kollega som viser respekt for andres bidrag til samtalen, og om å ikkje ta på seg for mykje av bevisbyrda for alt ein skriv om.
4. Å gjere feil
Det største hinderet for læring er at vi er redde for å gjere feil. Ingen kan lære nye ting utan å streve undervegs. Dette kan vere ubehageleg. Prøv derfor å bidra til å skape eit miljø der det å gjere feil ikkje berre er i orden, men noko som er forventa – fordi vi veit at alle øver på ting vi ikkje kan frå før.
5. Læringsmål
Gjer deg kjent med læringsmåla og vurderingsformene i dei emna du studerer. Det skal vere samanheng mellom kva dei seier du skal lære, og korleis du blir testa i det. Ha læringsmåla i bakhovudet mens du arbeider med fagstoffet. Å førebu seg til ein heimeeksamen er annleis enn å førebu seg til ein skoleeksamen eller ei semesteroppgåve. Ver tidleg ute med å finne ut kva du arbeider mot.
6. Finn rutinen din
Prøv å sette av faste tidspunkt og stader der du skal arbeide med studiet. Sjå UiAs videoar om studieteknikk og effektiv tidsbruk for å lære å arbeide effektivt og målretta, dei timane du har høve til det i løpet av veka. Søvn, næringsrik mat, og noko kroppsleg rørsle er heilt nødvendig for å kome gjennom veka med overskot til å studere. Det er lov å prøve seg fram over tid for å finne ein god balanse som passar deg.
7. Skriv for hand
Å skrive stikkord og notat for hand i seminar og forelesingar gjer at du får meir med deg, og fjernar noko av moglegheita for å bli distrahert av internett og varslar frå e-post og appar. Bruk gjerne ein liten halvtime etter forelesingane til å reinskrive notata, og skrive ned spørsmål du har til det du nettopp har høyrt.
8. Bruk universitetsbiblioteket
Biblioteket er det mest sentrale ressurssenteret på campus. Finn ut kven som er kontaktbibliotekar for instituttet ditt, og sjekk kva for nokre relevante og kvalitetssikra ressursar dei har samla til deg på fagsidene. Du har tilgang til desse gjennom Canvas, under lenka Library subject guide. Det er meininga at du skal øve på å bruke desse faglege ressursane aktivt, ikkje berre fortsette å gjere det du er vand til frå skole eller kvardagsliv.
9. Bruk UiAs kurs
Meld deg på kurs i litteratursøk, kjeldetilvisingar, EndNote, Zotero, akademisk skriving, og andre verktøy og arbeidsmåtar. Sjekk kurskalenderen for å sjå kva som er aktuelt for deg, og meld deg heller på ein gong for mykje enn ein gong for lite.
Følg denne lenka for å sjå kurskalenderen.
10. Ikkje les fagbøker frå perm til perm
Fagbøker er ikkje konstruerte for at du skal lese alt frå første til siste side. Les først innhaldslista for å få oversikt over korleis boka er bygd opp. Har boka ein konklusjon, les du denne først, for å finne ut kva som er hovudpoenga til forfattaren. Så kan du lese innleiingskapittelet, for å finne ut kva for nokre faglege samtalar forfattaren prøver å bidra til. Bla fram og tilbake, bruk overskrifter og oppsummeringar for å gjere deg kjent med stoffet. Les deretter kapitla du trur vil vere mest nyttige for det du arbeider med for tida.
11. Skriv litt kvar dag
Ver klar over at det å skrive akademiske tekstar som semesteroppgåver, essays, avhandlingar og liknande, er ein kaotisk prosess. Du teiknar tankekart, kladdar lange tekstar som må utvidast eller kortast ned, omorganiserer avsnitt, og finskrivar formuleringar – og alt dette blir gjort om kvarandre, aldri i ei fast rekkefølge. Skriv litt kvar dag, så du blir vand til å skrive utan at det blir så veldig "bra" kvar einaste gong. Øv på å overvinne frykta for å feile ved å vise fram uferdig tekst til ein interessert lesar eller ein skrivementor i Skrivestua. Ikkje vent til du sit fast, det er meininga å øve på dette frå så tidleg som mogleg i studiane.
12. Du er ikkje aleine
Hugs at alle dei andre studentane også er meir eller mindre nye her, og at alle opplever stress og bekymring på ulike måtar. Gjer deg kjent med helsetilboda til UiA og Sia, og vêr innom desse minst éin gong i løpet av studietida. Delta på studentarrangement når du har moglegheit og overskot, og søk gode venskap. Om noko skjer seg for deg dei åra du er ved UiA, så er det ikkje dei gode karakterane dine som kjem til å stille opp for deg, men dei gode venene du har omgitt deg med, og sjølv vore ein god ven for.