Grautberg har erfaring som både sjømannsprest, ungdomsprest og sokneprest i Grim kyrkje. Nå har han vore på UiA i seks år, og synest han har ein meiningsfull jobb og tar gjerne imot både studentar og tilsette.
Studentpresten har rom for alle
Grautberg trur at mange studentar ikkje tør å kome fordi dei trur at dei ikkje vil bli tatte imot slik dei er, men det må dei ikkje bekymre seg for.
Her finn du studentpresten:
Kristiansand: Måndag, tysdag, torsdag og fredag i SiA Helse-bygget.
Grimstad: Onsdagar på kontor N01036 i i4H-huset.
Drop-in er mogleg.
For timebestilling:
erland.grotberg@uia.no eller sms +4791855292 eller book time online på SiA-Helse sine nettsider.
– Å tole menneskes liv akkurat slik dei er, det trur eg er det viktigaste eg kan gjere i jobben min, og det trur eg også at eg at gjer, seier han.
Grautberg kan mykje om livssyn.
– Eg er her for dei som har behov for nokon å snakke med. Eg toler å høyre korleis menneske har det og kva dei slit med, eller skammar seg over. Eg har også teieplikt. Og er du glad og vil ha nokon å fortelje det til, så er eg her for deg òg, seier han.
Du er ikkje sjuk fordi livet ditt er vanskeleg
Studentpresten jobbar tett med Sia Helse. Han har også eit stort nettverk i byen og distriktet, som han kan nytte seg av om den som kjem treng å dele tankane sine med andre.
– Eg møter mange studentar som slit og strevar. Dei er ikkje sjuke, men livet blir rett og slett vanskeleg iblant. Det betyr ikkje at det er noko gale med dei. Jobben min er å hjelpe menneske til sjølv å bli i stand til å handtere livet, angsten, stressa, eller den vanskelege livssituasjonen ein har hamna i, seier han.
Sjølv synest Grøtberg det er ein stimulans å treffe studentane, og føler at han lærer mykje av å snakke med dei.
Hjelper deg å vekse
Grautberg meiner alle menneske kan vekse frå det dei slit med, men det er ikkje alltid vi klarer det aleine. Då er det godt å ha nokon; som studentpresten.
– Eg hjelper menneske å vekse. Det er mange studentar som trur at dei må vere den beste utgåva av seg sjølv. Eg synest det er devaluerande å tenke at eit menneske kan bli den beste utgåva av seg sjølv, for då er ein nærmast ferdig. Livet ditt står stille, seier han.
Ein samtale treng ikkje å vere på kontoret hans. Å gå tur kan vere ein fin måte å snakke saman på, og han kan også kome heim til kvar enkelt.
Grautberg liker å følge studentane som kjem til han gjennom prosessen deira. Han meiner det er viktig å akseptere livet sitt slik det er akkurat nå, ikkje korleis det burde vere, for å kome vidare med problem og utfordringar.
– Gjennom livet mitt som prest har eg jobba mykje med eksistensielle spørsmål, og det opplever eg ofte at studentar kjem med. Spørsmål om liv, død, usikkerheit på vegval, frykt, angst og det meiningslause i livet, seier han.
Hjelper tilsette i krevjande situasjonar
Somme gonger har ein student kome fordi ein tilsett har tatt kontakt med han.
– Av og til kan det vere vanskeleg for ein tilsett å få ein spesiell livssituasjon i fanget, då er det berre å ta kontakt, seier han.
Han har også leidd samlingar ved død på universitetet, og gjer det livssynsope.
– Heldigvis skjer ikkje det alt for ofte, seier Erland Grøtberg.