Ho er opptatt av å innfri ønsket til studentane om eit meiningsfullt studenttilvære.
- Som student må du sjølv vere aktiv i eiga læring og bidra til å utvikle studiemiljøet.
UiAs rektor brenn nemleg for aktive studentar.
- Forholdet mellom studentane og UiA er som eit partnarskap. Vi ønsker at kvar og ein skal lykkast, seier Whittaker.
Her får du svar på ting og tang rundt studiekvardagen som du kanskje lurer på:
Kor mykje tid krev studiane?
Det korte svaret er at som heiltidsstudent er det forventa at du studerer tilsvarande ei vanleg arbeidsveke - altså 37,5 timar per veke (1600 timar per studieår).
Men:
1. Som student blir du som kjent vurdert ikkje utifrå kor mykje tid du bruker på studia, men kor godt du tileignar deg det du skal lære. I praksis må du bruke den tida du treng for å lære det som er venta.
2. Når du skal søke jobb er arbeidsgivarar opptatte av heile deg; ikkje berre eksamensresultat, men kva slags erfaringar du har med deg elles, både frå arbeidslivet, frivillig innsats og utanlandsopphald. Det er derfor lurt å tenke gjennom korleis du kan utvikle den individuelle kompetansen din gjennom studietida.
3. Når du har fått jobb blir du blant anna vurdert utifrå kva du kan, jobben du gjer, korleis du er og evna du har til å tilpasse deg nye behov og tileigne deg ny kunnskap i jobben. Dagens samfunn blir endra raskt, så det å "lære seg å lære" er ein vesentleg del av studietida! Utdanninga er fundamentet som du bygger seinare læring på; hugs det dei gongene du ikkje opplever alt like relevant!
Vi har forståing for at det i dag er veldig vanleg, og gjerne nødvendig, at studentar har ein deltidsjobb ved sida av studiane fordi stipend og lån ikkje strekk til. Vi meiner likevel det er naturleg å påpeike at, som heiltidsstudent, må studiane vere førsteprioriteten din.
Kva må eg lære meg?
Gå inn på studieplanen for studiet ditt, og klikk deg vidare inn på kvart emne (fag) du skal ta. Her står det kva læringsutbytte du er venta å få av studiet, og det er dette du blir vurdert utifrå.
Dette kan hjelpe deg å lese meir bevisst. Altså at du les for å lære, og ikkje for å kome gjennom kapittelet.
Korleis bør eg studere?
Vi tilrår å snakke med faglærar eller studieprogramleiar om dette, sidan det kan vere ulikt frå studium til studium, og emne til emne.
Det er også veldig personavhengig om ein føretrekker å jobbe saman med andre i kollokviegruppe eller aleine, på ein stille lesesal eller i ei folksam kantine, 8-16 eller på kveldar og i helger. Men det er fullt mogleg å vere ein dyktig student og samtidig ha mykje tid til andre aktivitetar dersom du disponerer tida godt, og følger ein god plan.
Vi tilrår derfor i alle fall å ha eit bevisst forhold til desse tinga:
- Kurs i studieteknikk/studiestrategi blir tilrådd. Bruk den tida kurset tar, for å kunne tileigne deg kunnskap på ein meir effektiv måte.
- Uansett kva struktur du ønsker, eller kor stor grad av struktur du treng; gjer eit bevisst val så ikkje du berre endar opp med å vere heildøgnsstudent fordi du ikkje ikkje har ein plan for dagen og veka. Skippertak er heller ingen god strategi.
- Ingen er eigentleg gode til å gjere fleire ting på ein gong. Unngå multitasking, og jobb bevisst med å øve opp konsentrasjonsevna. Ha eit bevisst forhold til sosiale medium; det kan vere veldig forstyrrande for lesinga. Ta heller ofte pausar.
- Test deg sjølv, og finn ut korleis og når du jobbar best: Heime, på campus, i grupper eller aleine, ved å lese, finne svar på spørsmål/oppgåver, eller lage tankekart?
Bør eg engasjere meg utenom studiane?
Ja, engasjer deg både i studiane og studiemiljøet! Som student har du stor påverknadskraft.
> Studentforeningar, studentverv og studentaktivitetar ved UiA
Vis interesse og utnytt studietida. Utfordre både deg sjølv og dei rundt deg.
Vis respekt til medstudentane og forelesarane dine slik du sjølv ønsker å bli respektert. Hugs at du som student inngår i eit sosialt fellesskap. Ta omsyn til både medstudentar og forelesarar, og vent det same frå dei.
Si ifrå om du ser eller opplever uønskte forhold.
Korleis halde motivasjonen oppe?
I løpet av studietida vil du kunne oppleve at motivasjonen ikkje er heilt på topp heile tida. Då er det viktig å hugse at all kunnskap er nyttig og at jo meir ein fordjupar seg i eit fag, jo lettare er det å forstå samanhengen og betydinga av enkeltemne for faget samla sett.
Vi lever i omskiftelege tider, og same kva du studerer må du belage deg på å fylle på med ny kunnskap og nye ferdigheiter gjennom heile livet. Kanskje innanfor same fagområde – kanskje innanfor heilt andre fagområde. Ver klar over korleis du sjølv lærer best, og bevar nysgjerrigheita.
Å finne glede i å lære nye ting vil vere avgjerande for deg både i studietida og seinare i livet.