Fram til fredag 24. april stemmer studentane på kven som skal representere dei i fakultetsstyra, i styret for lærarutdanningane og i Studentparlamentet. Til saman skal 80 posisjonar fyllast.
Dei to vala blir haldne parallelt i det som er det fjerde største lokalvalet i Agder, og studentane stemmer her: https://valg.uia.no/
– I den dryge veka som står att før valet stenger, prøver vi å mobilisere så mange studentar som mogleg til å stemme. Det er viktig å bruke stemmeretten. Ein deltek ikkje berre i valet av kven som skal representere studentane, ein deltek òg aktivt i studentdemokratiet. Jo fleire som deltek, jo tydelegare blir stemma til studentane ved UiA, seier Magnus Ellefsen Moen.
Mange gode kandidatar
STA-leiaren fortel at interessa for å delta i det studentpolitiske arbeidet ved UiA er stor. Det viste seg særleg då det blei opna for å fremje kandidatar til årets posisjonar. I løpet av eit par veker i mars tok over 80 studentar steget fram og meldte si interesse.
– Ved fleire av fakulteta har langt fleire kandidatar meldt seg enn det er posisjonar til. Det betyr at vi har reelle val til dei fleste ledige plassane. Det er svært bra og ei oppmuntring for alle som jobbar med studentpolitikk ved UiA, seier han.
Mobiliserer studentane til å stemme
No gjeld det å få den store studentmassen til å stemme. Det er ingen hemmelegheit at STA gjerne vil at så mange som mogleg nyttar stemmeretten. Tidlegare år har valdeltakinga lege rundt 10 prosent ved UiA. Magnus Ellefsen Moen håpar at langt fleire stemmer i år.
– Vi er i desse dagar rundt på campus og informerer om valet og oppfordrar studentane til å stemme. Vi har god aktivitet i sosiale medium, og vi er i kontakt med alle linjeforeiningar og andre studentforeiningar i håp om å få så mange som mogleg til å stemme, fortel han.
Inviterer alle til studentval-automaten
Som tidlegare år har STA òg ein eigen studentvalautomat. Denne er både for dei som ikkje har bestemt seg for kven dei vil stemme på, og for dei som vil sjå kva studentpolitiske tema UiA-studentane er opptekne av. Aktuelle tema er:
- Ja/nei til obligatorisk oppmøte i emne
- Skjenketider i campusbyane
- KI-bruk i eksamensgrunngjevingar
- UiA bør/bør ikkje ta stilling i internasjonale konfliktar
- Praksisplass til alle studentar
- Kantineprisane hos SiA må ned
- Fleire parkeringsplassar til studentane på campus
– Vi er godt nøgde med automaten. Han er flittig brukt og er oppdatert med nye og aktuelle tema som gjeld for UiA-studentane no. Eg oppfordrar derfor alle som er interesserte i kva studentane ved UiA er opptekne av, og kva kandidatane meiner, om å klikke seg inn på han. Og er du student, kjem du òg rett vidare til stemmesida. Så gå inn og stem – no, seier STA-leiar Magnus Ellefsen Moen.
Spørsmål om studentvala?
Ta kontakt med Studentorganisasjonen i Agder (STA) – leiar Magnus Ellefsen Moen svarer på staleder@uia.no eller tlf. 923 51 334. Du kan òg kontakte fagpersonane ved fakulteta og Avdeling for lærarutdanning.
• Fakultet for helse- og idrettsvitenskap: Irene Gundersen - irene.gundersen@uia.no
• Fakultet for teknologi og realfag: Geir Kløkstad - geir.klokstad@uia.no
• Fakultet for humaniora og pedagogikk: Line Frøysaa Eriksen - line.f.eriksen@uia.no
• Fakultet for samfunnsvitenskap: Marion Vatnedalen Ekhaugen – marion.ekhaugen@uia.no
• Fakultet for kunstfag: Lars Martin Borgen - lars.bogen@uia.no
• Handelshøyskolen ved UiA: Silje H. Grimsli - silje.h.grimsli@uia.no
• Avdeling for lærerutdanning: Linda Rekedal Våge - linda.r.vage@uia.no