Studentorganisasjonen i Agder (STA)
I STA kan alle UiA-studentar stille til val! Val til råd, styre og utval skjer i eit møte der det er Studentparlamentet som stemmer over kven som får plassane.
Studentorganisasjonen (STA) er det offisielle høyringsorganet studentane har overfor Universitetet i Agder. Oppgåva deira er å arbeide for dei faglege, sosiale, økonomiske og velferdsmessige interessene til studentane ved Universitetet i Agder.
STA organiserer rundt 14 000 studentar, og er paraplyorganisasjonen for ei mengd studentaktivitetar og linjeforeiningar. Ved å engasjere deg i STA eller i råd, styre og utval på UiA, kan du vere med på å forbetre studiehverdagen din.
Les meir om verva du kan stille til i STA her
Studentparlamentet
Studentane har ei viktig røyst i demokratiet på UiA. Difor er Studentparlamentet øvste beslutningsorgan i STA. Studentparlamentet består av 25 representantar frå alle fakulteta og Avdeling for lærarutdanning. Det er desse representantane som skal ta politiske avgjerder på vegner av UiAs studentmasse.
Studentparlamentet vel òg studentrepresentantar til ulike råd, styre og utval ved UiA, STA og Norsk Studentorganisasjon (NSO).
Les meir om Studentparlamentet her
Studentavisa Unikum
Unikum er ei frivillig driven studentavis som alltid er interessert i historier frå din studentkvardag og nye engasjerte skribentar. Målet er å gi studentane viktige nyheiter og god underhaldning, samstundes som dei driv uavhengig og kritisk journalistikk.
Avisa er gratis og blir distribuert på campusane til alle høgskular og universitet i Kristiansand og Grimstad, samt ulike utestader. Unikum har òg eige podkaststudio som kan lånast av andre.
Velferdstinget i Agder (VT)
Velferdstinget (VT) i Agder har mange spanande verv. Er du ein engasjert student som vil vere med og gjere ein forskjell?
Velferdstinget er eit organ for alle studentar ved Studentsamskipnaden i Agder (SiA) sine medlemsinstitusjonar; Universitetet i Agder, NLA Mediehøgskolen Gimlekollen, Ansgar Teologiske høgskule og Noroff.
Velferdstinget sine oppgåver er å:
- Jobbe for velferdsrettane til studentane i Agder
- Velje studentrepresentantar til styret i SiA og SiA Kulturfond
- Fordele studentsosiale midlar til studentaktivitetar
- Fungere som rådgjevande organ for styret i SiA
Les meir om Velferdstinget i Agder
Studenttillitsvald
Ein studenttillitsvald er ein vald student for studieprogrammet/kullet sitt og skal representere studentane i prosessar, møte og samlingar der studentane si røyst skal løftast.