Samtykket gjeld masteroppgåve etter endeleg sensur. Forfattaren kan når som helst trekkje samtykket sitt tilbake. Dersom samtykket har trådd i kraft, gjeld innhaldet i pkt. 6.
1. Rett til bruk
Masteroppgåver fell inn under åndsverkslova sine føresegner om opphavsrett. Det vil seie at ei oppgåve ikkje kan offentleggjerast eller nyttast utan samtykke frå forfattaren.
Å klausulere ei masteroppgåve betyr å leggje avgrensingar på bruken av denne. Dersom oppgåva inneheld teiepliktige opplysningar, må ho klausulerast etter forvaltningslova § 13. Som rettshavar kan du òg velje å klausulere oppgåva av andre grunnar enn lovbestemt teieplikt. Vi ber deg difor vurdere om det er naudsynt å klausulere bruken av oppgåva, og i tilfelle om klausulen skal tidsavgrensast.
2. Rett til publisering
Det blir med dette gitt UiA ein vederlagsfri, ikkje-eksklusiv rett til å gjere masteroppgåva tilgjengeleg i UiAs til ei kvar tid gjeldande institusjonelle arkiv. Dette inneber at oppgåva kan publiserast på Internett, og at ho blir nedlastbar. Forfattaren er klar over og aksepterer det ei tilgjengeleggjering via Internett inneber.
3. Studenten sine plikter
3.1 Forfattaren innestår for at ho/han er opphavsperson til den innleverte masteroppgåva med full råderett over denne i sin heilskap. Dersom andre har opphavsrettar som utelukkar tilgjengeleggjering i elektronisk form via UiAs institusjonelle arkiv utan løyve frå tredjepart, må forfattaren sjølv ha innhenta naudsynte løyve frå desse. Forfattaren innestår for at masteroppgåva ikkje inneheld materiale som kan stride mot gjeldande norsk rett eller innehalde lenkjer eller andre koplingar til slikt materiale.
3.2 Dersom to eller fleire studentar skriv masteroppgåve saman, må alle gi sitt samtykke til publisering, det vil seie underteikne dette samtykket.
3.3 Forfattaren skal ved eventuell inngåing av avtalar med andre om rett til å publisere oppgåva (typisk tidsskrift og forlag) ivareta UiAs rettar etter dette samtykket.
4. UiA sine plikter
4.1 UiA skal publisere masteroppgåva slik ho blei levert til UiA; med tekst, tabellar, grafikk, bilete med meir, men med dei tekniske tilpassingar som blir rekna som naudsynte for publisering på Internett.
4.2 UiA skal verne oppgåva mot å bli endra av uvedkommande/tredjepart, i samsvar med UiAs til ei kvar tid gjeldande tryggleiksføresegner.
4.3 UiA får ikkje råderett over masteroppgåva utover det som går fram av dette samtykket.
5. Overføring av samtykket
UiA skal berre kunne overføre sine rettar og/eller plikter knytte til publisering av masteroppgåver til tredjepart dersom forfattaren sine interesser blir ivaretekne i overføringsavtalen.
6. Opphøyr av samtykket
6.1 UiA har uavgrensa rett til å ikkje publisere eller avbryte publisering av oppgåva.
6.2 Forfattaren har rett til skriftleg å trekkje tilbake samtykket til publisering. UiA skal fjerne oppgåva frå det institusjonelle arkivet så snart som mogleg og seinast 14 dagar etter mottak av tilbaketrekkjinga av samtykket.
7. Ansvar
UiA er ikkje ansvarleg for innhaldet i den publiserte oppgåva. UiA har ikkje ansvar for skadar påført forfattaren sine interesser med mindre skaden/skadane skuldast forsett eller grov aktløyse frå UiA eller frå nokon UiA svarar for.