Som student i praksis med barn, pleietrengande og sjuke er du i kontakt med grupper som kan vere ekstra sårbare i forhold til smitte. Før du skal ut i praksis som student på helse- og sosialfag eller lærarutdanningane har du derfor plikt til å sjå til at du følger dei krava som gjeld i forhold til medisinske testar og vaksinasjon.
Bruk av legemidler og praksis
Studentar ved bachelorprogramma i sjukepleie, vernepleie og bioingeniør pliktar etter helsepersonelloven (§ 8) å orientere praksisstaden dersom dei bruker legemiddel som kan påverke arbeidsutøvinga. Beskjed skal givast snarast etter praksisstart.
Studentar som deltar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR) må også gi beskjed til praksisstaden.
Eigenerklæringsskjema for tuberkulose og MRSA
Helsefagstudentar må levere eigenerklæringsskjema for tuberkulose og MRSA før dei startar i praksis.
Skal du ha praksis i ein av kommunane vil du som regel finne eigenerklæringsskjemaet på nettsida til kommunen. Fyll det ut og lever det inn på praksisplassen første dag i praksis. Dersom du ikkje finn skjema på nettsida vil du få det utlevert første praksisdag.
Sørlandet sjukehus har eige skjema som du må fylle ut og levere saman med eventuelle prøvesvar innan gitt frist før praksisstart. Dette vil det bli informert om før kvar praksisperiode.
Testing for antibiotikaresistente bakteriar (MRSA)
Studentar som skal ha praksis ved helseinstitusjon (sjukehus, sjukeheimar og andre buformer med heildøgns pleie, inkludert heimesjukepleie) har plikt til å bli undersøkt for meticillinresistente gule stafylokokkar (MRSA) dersom dei kan svare "ja" på eit av spørsmåla under.
1. Har du tidlegare har fått påvist MRSA, men ikkje seinare hatt tre negative kontrollprøver?
2. Har du dei siste 12 månadene:
- hatt pasientretta arbeid i eller utanfor helseinstitusjon i land utanom Norden?
- vore innlagt eller fått omfattande undersøking/behandling i helseinstitusjon/helseteneste i land utanfor Norden?
- arbeida /oppheldt deg i flyktningleir, barneheimar eller katastrofeområde med auka MRSA risiko?
- undersøkt/behandla/stelt/budd saman med pasientar/personar med MRSA utan at verneutstyr er anvendt?
- budd meir enn 6 veker samanhengande utanfor Norden og i tillegg har sår, eksem, kroniske hudlidingar, stomi, kateter eller liknande?
Du er sjølv ansvarleg for ta nødvendige prøver. Studentar som har vore i utlandet må la seg teste straks etter heimkomst.
Hugs at du må ha testa negativt før du kan gå ut i arbeid/praksis igjen, så bestill time i god tid før praksisstart. Det kan ta opp til ei veke å få svar på prøva.
Dersom prøva er positiv kan du ikkje vere i kontakt med pasientar i praksis og må straks melde frå til praksiskonsulent og den som er ansvarleg for utdanninga.
Tuberkuloseundersøking
Under langvarig opphald i land med høg førekomst av tuberkulose er det ein reell risiko for å bli smitta. Studentar på lærarutdanningar og helse- og sosialfaglege utdanningar som skal ut i praksis og som kjem frå slike land, må før praksisperiodar gå gjennom tuberkuloseundersøking.
Dette kravet gjeld også dersom du dei tre siste åra har opphalde deg minst tre månader (dvs. 91 dagar eller meir) i eit land med høg førekomst av tuberkulose (jfr Forskrift om tuberkuloseundersøking § 3-1).
Informasjon om kva land dette gjeld finn du på Helsedirektoratet.
Om du har vore utsett for kjent/mogleg tuberkuløs smitte i inn eller utland privat eller i arbeid må du også ta testen.
Vaksinasjon mot tuberkulose (BCG-vaksine)
Tuberkulose er ein bakteriesjukdom som smittar med luftsmitte. Det er lite tuberkulose i Noreg i dag, og det blir derfor ikkje gitt rutinemessig BCG-vaksine til norske barn i barnevaksinasjonsprogrammet.
Det er ikkje lenger ei generell oppfordring i Noreg om at alt helsepersonell bør ta BCG-vaksine. Folkehelseinstituttet tilrår BCG-vaksine rutinemessig berre til to grupper av helsepersonell: Dei som over tre månader skal jobbe med vaksne pasientar med smittsam lungetuberkulose eller med dyrking av mykobakteriar i mikrobiologisk laboratorium.
Vaksinar og testar for studentar som skal på utveksling
For studentar som skal på utveksling kan det vere eigne krav frå landet eller vertsinstitusjonen du skal til, eller det kan vere spesielle oppfordringar frå norske helsestyresmakter når det gjeld vaksinar og medisinske testar.
Vaksinasjon mot hepatitt B
Studentar på bioingeniørstudiet, grunnutdanning sjukepleie (bachelor sjukepleie), master i spesialsjukepleie med spesialitetane anestesisjukepleie, intensivsjukepleie og operasjonssjukepleie, og dessutan jordmorstudentar har rett på gratis vaksine mot hepatitt B i samband med praksisstudiar.
Bestill time til vaksinasjon på vaksinasjonskontoret i Kristiansand eller Grimstad, evt. det lokale vaksinasjonskontoret ditt. Du finn informasjon og lenkar til elektronisk timebestilling på nettsida til kommunen.