For å kunne søke må du ha ein aktiv studierett og ein aktivert brukarkonto ved UiA. Aktive studierettar ser du i Studentweb. For nye studentar vil studieretten og brukarkonto bli oppretta første veka i august. Merk at det må gå minst 24 timar frå du mottek informasjon om ny brukarkonto til du kan søke.
Du søker via skjema Godkjenning og innpassing av anna utdanning. Søknadar blir behandla fortløpande. Det er særskild stor pågang ved semesterstart, så send inn søknaden så tidleg som mogleg.
I søknaden må du oppgje kva for emne du ønskjer godkjent, og kva for UiA-emne du ønskjer erstatta.
Vedlegg og dokumentasjon
Det er ikkje nødvendig å dokumentere emne tatt ved UiA. For emne frå andre utdanningsinstitusjonar må du leggja ved:
- Emneomtale
- Pensumliste
- Vitnemål/karakterutskrift (Ikkje nødvendig om du finn emne under 'Eksterne resultat' i Studentweb)
Det er søkar sitt ansvar å hente inn, samt legge ved nødvendig dokumentasjon til søknaden. Søknaden blir ikkje behandla før den er komplett. Saksbehandlar kan kontakta deg via e-post om noko er uklart eller manglar.
Svar på søknaden
Du som søkar vil få skriftleg svar på om søknaden er innfridd eller ikkje, samt grunngjeving for eventuelt avslag. Vedtaket sendast til digital postkasse, har du ikkje dette vil vedtaket sendast i papirpost. Saksbehandlingstid er ein månad etter forvaltningsloven § 11 a.
Vedtaket kan klagast på innan 3 veker etter at du har motteke svar.
Godkjenning av utanlandsk utdanning
Informasjon om utanlandske utdanningssystem og hovudprinsippa for godkjenning av dei mest vanlege gradane i studielandet:
HK-dir landdatabase for utanlandsk høgare utdanning
Oversikt over godkjende høgare utdanningsinstitusjonar og over utdanningssystem, samt karaktersystem i heile verda:
- International Association of Universities and UNESCO higher eduation database
- Gateway to recognition of academic and professional qualifications (Europa og USA)