NO-425 Tekst og teknologi (Vår 2027)
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Emneansvarlig:
- Gunhild Kvåle
- Undervisningssemester:
- Vår
- Undervisningsspråk:
- Norsk og/eller engelsk.
- Varigheit:
- ½ år
Innhaldsliste
Emnet er knytt til følgjande studieprogram
- Nordisk språk og litteratur, masterprogram
Undervisningsspråk
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten
Kunnskap
- ha avansert kunnskap om korleis digitalisering endrar ulike kommunikative arenaar
- ha inngåande kunnskap om ulike teoriar om samspelet mellom tekstar og teknologi
- ha inngåande kunnskap om eit utval digitale litterære tekstar
Ferdigheiter
- kunne arbeide sjølvstendig med teoriar og metodar for å undersøke tilhøvet mellom teknologi, kommunikasjon og litteratur, og kunne bruke dei på praksisfeltet
- kunne analysere tekstar, praksisar og hendingar som angår tilhøvet mellom teknologi, kommunikasjon og litteratur
- kunne reflektere kritisk og etisk over tilhøvet mellom teknologi, kommunikasjon og litteratur i dagens mediesamfunn
Generell kompetanse
- kunne bruke sine kunnskapar og ferdigheiter i møte med relevante faglege utfordringar og med endringsprosessar i samfunnet
- kunne kommunisere omkring faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor det tematiske området, både med spesialistar og med ikkje-spesialistar
Innhald
All skriftleg og visuell kommunikasjon har eit teknologisk grunnlag. Pergament og papir, trykkekunst og datamaskinar har skapt nye teksttypar og nye former for kommunikasjon. I dag pregast tekstkulturen av digitale teknologiar. Kva for tekstar og sjangrar oppstår framfor auga våre? Korleis påverkar teknologien tankane, tekstane og kommunikasjonsformene våre?
Emnet handlar om samspelet mellom tekstar og teknologi. Dette blir belyst ut frå tre hovudperspektiv. Det første handlar om teknologi og samfunnsendring, og undersøker korleis digitalisering endrar ulike bransjar og kommunikative arenaar. Det andre perspektivet er språk- og kommunikasjonsfagleg, og undersøker samanhengar mellom teknologi og tekstars innhald og utforming. Det tredje perspektivet er litteraturvitskapleg og undersøker dels korleis ny teknologi nyttast i litterær skriving (hypertekstar, kyberlitteratur, digital poesi o.a.), og dels korleis teknologien blir tematisert i litteraturen.
Samla fokuserer emnet på korleis digitalisering og andre medieendringar forandrar vilkåra for produksjon, distribusjon og resepsjon av tekstar, særleg med tanke på kommunikasjon av profesjonell og strategisk karakter. Det blir lagt vekt på korleis menneske gjennom litteratur og andre tekstar kan utforske, utfordre og endre måten vi som samfunn forstår og brukar teknologi på. Innhaldet og arbeidsformene i emnet vil bli knytte saman med problemstillingar av høg aktualitet for arbeidsliv og samfunnsliv. Emnet vil totalt sett demonstrere korleis humaniora generelt og nordiskfaget spesielt har fått forsterka relevans i den pågåande digitale transformasjonen av samfunnet.
Undervisnings- og læringsformer
Vilkår for å gå opp til eksamen
Eksamen
Studentevaluering
Vert tilbydd som enkeltemne
Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne
Reduksjon i studiepoeng
Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:
| Emne | Studiepoengreduksjon |
|---|---|
| NOU425 – Tekst og teknologi - for utenlandske studenter. | 15 |
| KOM405 – Teknologi og kommunikasjon. | 10 |