NO-430 Litteraturkritikk (Haust 2027)
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Undervisningssemester:
- Haust
- Undervisningsspråk:
- Norsk eller eit anna skandinavisk språk.
- Varigheit:
- ½ år
Innhaldsliste
Emnet er knytt til følgjande studieprogram
- Lektorutdanning for trinn 8-13, 5-årig masterutdanning
- Nordisk språk og litteratur, masterprogram
Undervisningsspråk
Norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten
Kunnskap
- ha avansert kunnskap om kritikkens nyare historie i Noreg
- ha inngåande kunnskap om kva som kjenneteiknar bokmeldinga som sjanger
- ha inngåande kunnskap om kriterium og smaksdommen si stilling i kritikken
Ferdigheiter
- kunne analysere og vurdere litteraturkritikk
- kunne arbeide sjølvstendig med teoriar om og metodiske tilnærmingar til litteraturkritikken
- kunne skrive ei vurderande bokmelding
Generell kompetanse
- kunne bruke sine kunnskapar og ferdigheiter i møte med kritisk vurdering av litteratur
- kunne kommunisere om litteraturkritiske problemstillingar både med spesialistar og til allmenta
Innhald
Gjennom heile den vestlege litteraturhistoria har ein diskutert kva som er god og dårleg litteratur. Men korleis kan ein avgjere det? Kriteria som ligg grunn for smaksdommane varierer historisk og blir utfordra av den nye litteraturen. Kva som blir ståande er på ingen måte gitt. I dette emnet undersøker vi kritikken og vurderinga av litterære verk frå ei rekke ulike perspektiv. Vi ser på historiske føresetnader for dagens kritikk, på kritikken sine viktigaste kriterium og sjangrar, smaken sin sosiologi, kritisk offentlegheit og den litterære institusjonen. Emnet tek for seg både historiske døme og aktuelle tilfelle frå samtidslitteraturen, der vurderinga av nye verk viser splid og usemje i smaksdommane. Emnet belyser òg omstridde sider ved kritikarrolla, der den jamne lesaren si oppleving tidvis står i motsetnad til «ekspertane» sin dom. Undervisninga rommar òg ein praktisk del, der studentane arbeider fram kritiske tekstar under rettleiing av førelesar og i dialog med medstudentar.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar med studentframlegg og diskusjon av fagstoff. Vi øver oss på å analysere meldingar og kritikk. Studentane bytar på å leggje fram tema og presentasjonar av pensumtekstar. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 400 timar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
Godkjent munnleg framlegg. Meir informasjon om framlegget kjem i Canvas.
Eksamen
To dagars individuell skriftleg heimeeksamen. Valfri målform. Gradert karakter.
Studentevaluering
Emneansvarleg fastset i samråd med studenttillitsvalt evalueringsform og om emnet skal ha midtvegs- eller sluttevaluering i tråd med kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Vert tilbydd som enkeltemne
Ja, med atterhald om ledig kapasitet.
Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne
Som for masterprogrammet i Nordisk språk og litteratur.
Reduksjon i studiepoeng
Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:
| Emne | Studiepoengreduksjon |
|---|---|
| NOU430 – Litteraturkritikk - for utenlandske studenter. | 15 |
Sist henta frå FS (Felles studentsystem)
15. okt. 2026 17:03:37