NO-429 Songlyrikk: Øyrets poesi (Haust 2027)
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Undervisningssemester:
- Haust
- Undervisningsspråk:
- Norsk eller eit anna skandinavisk språk
- Varigheit:
- ½ år
Innhaldsliste
Emnet er knytt til følgjande studieprogram
- Lektorutdanning for trinn 8-13, 5-årig masterutdanning
- Nordisk språk og litteratur, masterprogram
Undervisningsspråk
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten
Kunnskap
- ha avansert kunnskap om kva som kjenneteiknar songlyrikk, til liks med og til forskjell frå skriftlyrikk
- ha inngåande kunnskap om ulike songlyriske sjangrar, i fortid og notid
- ha inngåande kunnskap om et utval songlyrikarar frå Norden
Ferdigheiter
- kunne analysere og vurdere songlyriske uttrykk
- kunne arbeide sjølvstendig med teoriar om og metodiske tilnærmingar til songlyrikken
Generell kompetanse
- kunne bruke sine kunnskapar og ferdigheiter i møte med relevante faglege utfordringar og med endringsprosessar i samfunnet
- kunne kommunisere om songlyriske problemstillingar både med spesialistar og til allmenta
Innhald
Lyrikk er den mest utbreidde forma for litteratur, og ikkje, som nokre trur, ein «smal» sjanger. Det skuldast ikkje minst songlyrikken, som er den eldste og mest populære av dei lyriske formane. Songlyrikk er øyrets poesi. Sjølve omgrepet lyrikk kjem av lyra, strengeinstrumentet som blei brukt til å akkompagnere poesien i det antikke Hellas. Songlyrikken skil seg frå skriftlyrikken på fleire vis, både når det gjeld historisk utvikling, sjangrar, funksjonar og mediale tilhøve. Medan skriftlyrikken har vore avhengig av medium som pergament og papir, er songlyrikken sitt uttrykksmedium den menneskelege stemmen, som er uløyseleg knytt til kroppen. Den syngande stemmen lader orda med ny meining og skapar vibrasjonar i lyttarens sinn og kropp. Det gjer òg musikken. Samstundes har den munnlege poesien alltid vore påverka av den skriftlege, og omvendt. I dag er songen mest overalt: Viser, pop, rock og rap infiltrerer kvardagen vår. Men også lyttaren er ein songar. I tillegg til artisttradisjonen finst det ein levande fellessongtradisjon som rommar alt frå salmesong til arbeidarsong og tribunesong.
I dette emnet skal vi utforske desse tradisjonane. Kva skil songlyrikken frå skriftlyrikken? Kva for sjangrar finst det? Kva skjer med orda når dei vert sunge, og korleis vert songen brukt i kampen for anerkjenning og verdiar? Vi les teoriar om songlyrikk og studerer songpoetar frå Noreg, Sverige, Danmark og Sápmi. Metodisk kombinerer vi nærlesing og nærlytting.
Undervisnings- og læringsformer
Vilkår for å gå opp til eksamen
Eksamen
Studentevaluering
Vert tilbydd som enkeltemne
Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne
Reduksjon i studiepoeng
Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:
| Emne | Studiepoengreduksjon |
|---|---|
| NOU429 – Sanglyrikk: Ørets poesi - for utenlandske studenter. | 15 |