Innhaldsliste

Undervisningsspråk

Norsk.

Forkunnskapskrav

NO-141 eller NO-149 eller tilsvarande.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studenten ha kunnskap om:

  • funksjonell og kontrastiv tilnærming til undervisninga av norsk som andrespråk
  • dei grammatiske kategoriane og funksjonen deira, form og variasjon
  • ordtilfang, ordbruk og ordlæring
  • grunnopplæring i alfabetisk skriving og lesing for vaksne
  • språktesting og vurdering av språkferdigheiter
  • transspråking og fleirspråkligheit som ressurs i opplæringa
  • språkideologiar, og innsikt i forholdet mellom språk og identitet
  • eit utval litterære verk som tematiserer språk, identitet og/eller migrasjon
  • eit utval litterære tradisjonar frå andre delar av verda, til dømes munnlege litterære tradisjonar, og kjennskap til munnleg forteljing som teksttype og pedagogisk verktøy
  • betydninga av å kjenna deltakarars teksterfaringar
  • utforskande samtale i andrespråksamanheng

Ferdigheiter

Studenten skal etter gjennomført emne:

  • kunne leggja til rette for inlæring av norsk som andrespråk
  • kunne bruka kontrastive og funksjonelle språkundervisningsmodellar i fleirspråklege klasserom
  • kunne leggja til rette for arbeid med litterære tekstar i andrespråkundervisninga
  • kunne trekkja inn deltakarars fleirspråkligheit og teksterfaringar i undervisninga
  • kunne leggja til rette for utforskande samtalar

Innhald

Emnet byggjer vidare på nokre av dei språklege, litterære og didaktiske temaa i NO-141, men legg vekt på ei meir generell forståing av språk som utgangspunkt for undervisninga. Emnet har også større fokus på forholdet mellom språk, kultur og identitet.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil skje i fem samlingar og består av førelesingar, diskusjonar og mindre gruppearbeid. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på ca. 400 timar.

Vilkår for å gå opp til eksamen

To godkjende arbeidskrav som blir gjort kjent ved semesterstart.

Eksamen

Individuell munnleg eksamen. Gradert karakter.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1. Informasjon om evalueringsform for emnet skal publiserast i Canvas.

Vert tilbydd som enkeltemne

Ja. Med atterhald om ledig plass/kapasitet.

Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne

NO-141

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NO-124 – Norsk som andrespråk og kulturkunnskap 2. 15
NO-920 – Opplæring i norsk som andrespråk for voksenopplæring . 15
Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 15. okt. 2026 16:56:23