NO-500 Masteroppgåve (Haust 2026)
- Studiepoeng:
- 60
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Emneansvarlig:
- Bjarne Kristian Markussen
- Undervisningssemester:
- Vår
- Undervisningsspråk:
- Norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Innhaldsliste
Emnet er knytt til følgjande studieprogram
- Nordisk språk og litteratur, masterprogram
Undervisningsspråk
Norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Forkunnskapskrav
Før oppgåva blir levert til sensur, må eksamen i to fordjupingsemne vere bestått, samt eksamen i NO-416 Litteraturteori eller NO-417 Språkteori.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane
Kunnskap
- ha avansert kunnskap innanfor det tematiske området for oppgåva, inkludert tidlegare forsking
- ha inngåande kunnskap om teori og metode innanfor området for oppgåva
Ferdigheiter
- kunne planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
- kunne skrive strukturert og argumenterande og nytta det vitskaplege apparatet korrekt
- kunne vurdere og kritisere vitskapleg grunnmateriale, teoriar og metodar
Generell kompetanse
- kunne bruke sine kunnskapar og ferdigheiter til å løyse problem i faglege og ikkje-faglege samanhengar
- ha sjølvstendige og kritiske haldningar til vitskapleg grunnmateriale og framstillingsform
- kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar både med spesialistar og til allmenta
Innhald
Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid, utført i samråd med ein oppnemnd rettleiar. Studentane får tildelt rettleiar på grunnlag av ein prosjektomtale. Omfanget av masteroppgåva er normalt 80-120 sider (Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand).
Undervisnings- og læringsformer
Skriving av masteroppgåve under individuell rettleiing. Skrivekurs (obligatorisk) og masteroppgåveseminar. Obligatorisk veiledning: minimum 4 møter. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 1600 timar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
Obligatorisk skrivekurs for alle som ikkje allereie har levert og fått godkjent prosjektbeskriving og framdriftsplan for masteroppgåva. Studenten må ha møtt til obligatorisk veiledning.
Eksamen
Individuell skriftleg masteroppgåve og justerande munnleg eksamen. Begge eksamensdelane må vere bestått for å få gyldig karakter. Ein må ha bestått den skriftlege masteroppgåva for å kunne gå opp til justerande munnleg.
Omfanget av masteroppgåva er normalt 80-120 sider (Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand). Oppgåva skal skrivast på bokmål dersom eksamenssvaret i NO-416 eller NO-417 er skrive på nynorsk, og på nynorsk dersom eksamenssvaret i NO-416 eller NO-417 er skrive på bokmål.
Gradert karakter.
Studentevaluering
I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Reduksjon i studiepoeng
Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:
| Emne | Studiepoengreduksjon |
|---|---|
| NO-6670 – Hovedoppgave. | 60 |
| NO-6670 – Hovedoppgave. | 60 |
Sist henta frå FS (Felles studentsystem)
15. okt. 2026 10:53:53