NO-426 Litteratur, helse og omsorg (Haust 2026)
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Emneansvarlig:
- Nora Simonhjell
- Undervisningssemester:
- Haust
- Undervisningsspråk:
- Norsk eller eit anna skandinavisk språk.
- Varigheit:
- ½ år
Innhaldsliste
Emnet er knytt til følgjande studieprogram
- Lektorutdanning for trinn 8-13, 5-årig masterutdanning
- Nordisk språk og litteratur, masterprogram
Undervisningsspråk
Norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studenten
Kunnskap
- ha avansert kunnskap om korleis skjønnlitterære tekstar kan bidra til tematisk forståing av utfordringar knytt til helse og omsorg, og kunne setje verka inn i relevante kontekstar
- ha inngåande kunnskap om korleis det litterære formspråket gir særeigne perspektiv på helse- og omsorgsspørsmål
- ha inngåande kunnskap om et utval skjønnlitterære verk frå Norden som tek opp denne tematikken
Ferdigheiter
- kunne analysere og vurdere ulike skjønnlitterære uttrykk
- kunne arbeide sjølvstendig med teoriar om og metodiske tilnærmingar til tekstar som tematiserer helse og omsorg
Generell kompetanse
- kunne bruke sine kunnskapar og ferdigheiter i møte med relevante faglege utfordringar og med endringsprosessar i samfunnet
- kunne kommunisere om litterære og tematiske problemstillingar både med spesialistar og til allmenta
Innhald
Ingen går gjennom livet utan sjukdom, og vi kjem alle opp i situasjonar kor vi blir pårørande. Slike erfaringar har litteraturen alltid interessert seg for. I dette emnet ligg fokuset på samtidslitteraturen si tematiske handsaming av helse, og omsorgsrelaterte utfordringar. Kva slags tema blir tekne opp, og korleis? Kva for sjangrar dominerer, og kva kjenneteiknar dei litterære uttrykka? Korleis bidrar dei litterære tekstane til den allmenne og generelle samfunnsdiskusjonen av liknande problemstillingar (t.d. utfordringar knytt til det å vere sjuk, vere ein pårørande, stå i omsorgskrevjande situasjonar, vere omsorgstrengjande og liknande)? Vi set spørsmål ved det formelle litterære uttrykket, og diskuterer forholdet mellom tekstane si form og innhaldsside.
Undervisnings- og læringsformer
Førelesingar med studentframlegg og diskusjon av fagstoff. Vi øver oss på å analysere og diskutere ulike skjønnlitterære uttrykk, og vurderer det didaktiske potensialet for arbeid med litteratur, helse og omsorgstematikken i ungdoms- og vidaregåande skule. Studentane bytar på å leggje fram tolkingsutkast og presentasjonar av pensumtekstar. I eit par av øktene nyttar vi metoden shared reading. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 400 timar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
Godkjent munnleg framlegg. Meir informasjon om framlegget kjem i Canvas.
Eksamen
To dagars individuell skriftleg heimeeksamen. Valfri målform. Gradert karakter.
Studentevaluering
Emneansvarlig fastset i samråd med studenttillitsvalt evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering i tråd med kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Vert tilbydd som enkeltemne
Ja, med atterhald om ledig kapasitet.
Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne
Som for masterprogrammet i Nordisk språk og litteratur.
Sist henta frå FS (Felles studentsystem)
15. okt. 2026 10:53:46