Innhaldsliste

Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Lektorutdanning for trinn 8-13, 5-årig masterutdanning
  • Nordisk språk og litteratur, masterprogram

Undervisningsspråk

Norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten

Kunnskap

- ha avansert kunnskap om sentrale forskingstradisjonar innanfor lingvistikken, og om korleis innsikt frå desse kan nyttast i tolking og analyse av språk og språkforhold

- ha inngåande kunnskap om lingvistisk faghistorie

Ferdigheiter

- kunne reflektere sjølvstendig kring ulike teoriar og deira premissar

- kunne trekke fram parallellar og kontrastar mellom ulike lingvistiske fagtradisjonar

- kunne vurdere og bruke lingvistiske teoriar og metodar i ulike faglege og ikkje-faglege samanhengar

Generell kompetanse

- kunne bruke lingvistiske kunnskapar og analytiske ferdigheiter i møte med relevante utfordringar i ulike kontekstar

- kunne kommunisere om lingvistiske og grammatiske problemstillingar, analysar og konklusjonar, både med spesialistar og til allmenta.

Innhald

Emnet er eit studium i lingvistiske teoriar, og gir ei innføring i ulike retningar og metodar innanfor lingvistikken som vitskapsdisiplin. Her stillast grunnleggjande spørsmål som: Kva er dei viktigaste teoriane om språk, og kva for lingvistiske fagtradisjonar og metodar har medverka til å forme moderne lingvistikk? Studentane skal lese og diskutere eit utval teoretiske originaltekstar. Tekstutvalet presenterer mellom anna strukturalisme, generativ grammatikk, kognitiv grammatikk, sosiolingvistikk og tekstvitskap. Studentane skal òg lese og diskutere faghistoriske og vitskapsteoretiske tekstar.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing og seminar. Studentane er aktivt med i diskusjonar og analysar, og byter på å presentere teoristoff. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 400 timar.

Eksamen

Individuell heimeeksamen (7 dagar). Eksamenssvaret skrivast på bokmål dersom masteroppgåva skal skrivast på nynorsk, og på nynorsk dersom masteroppgåva skal skrivast på bokmål. Gradert karakter.

Studentevaluering

Emneansvarleg fastset i samråd med studenttillitsvald evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering i tråd med kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Vert tilbydd som enkeltemne

Ja, med atterhald om ledig plass og kapasitet.

Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne

Som for opptak til masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NOU417 – Språkteori - for utenlandske studenter. 15
Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 15. okt. 2026 10:53:37