Innhaldsliste

Emnet er knytt til følgjande studieprogram

  • Lektorutdanning for trinn 8-13, 5-årig masterutdanning
  • Nordisk språk og litteratur, masterprogram

Undervisningsspråk

Norsk eller eit annet skandinavisk språk.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten

Kunnskap

  • ha avansert kunnskap om ulike teoriar om relasjonen mellom litteratur, kultur og miljø
  • ha inngåande litteratur- og kulturvitskapleg kunnskap om natur, miljø og relaterte omgrep og konsept
  • ha inngåande kunnskap om korleis relasjonar mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege er framstilt i eit utval litterære tekster fra Norden

Ferdigheiter

  • kunne analysere og vurdere framstillingar av natur og miljø i litterære og ikkje-litterære tekster
  • kunne arbeide sjølvstendig med økokritiske og miljøhumanistiske teoriar og metodiske tilnærmingar

Generell kompetanse

  • kunne bruke sine kunnskapar og ferdigheiter i møte med relevante faglege utfordringar og med endringsprosessar i samfunnet
  • kunne kommunisere om kulturelle aspekt ved økologiske problemstillingar både med spesialistar og til allmenta

Innhald

Klimaendringar, forureining, nedbygging av natur og øydelegging av økosystem er blant våre største samfunnsutfordringar. Dei truar framtida til både menneske og andre arter. Lenge ble forsking på økologiske problem berre sett på som naturvitskapanes oppgåve. Men menneskeleg kultur har stor betydning for korleis vi oppfattar natur og miljø: Kulturelle normer, verdiar, forteljingar og tenkemåtar påverkar korleis menneske føreheld seg til økologiske problem og risikoar, både individuelt og kollektivt. Korleis litterære tekstar og andre kulturelle uttrykksformer framstiller natur og miljø, kan dermed få stor betydning for våre relasjonar til det ikkje-menneskelege.

I dette emnet skal vi utforske korleis litterære og ikkje-litterære tekstar bidrar til å forme tenking rundt natur og miljø. Vi blir kjent med forskjellige teoriar og metodar innanfor det litteratur- og kulturvitskaplege forskingsfeltet økokritikk, men også med det større, tverrfaglege forskingsområdet miljøhumaniora (environmental humanities). Vi les tekstar frå nordiske land frå ulike tider og sjangrar, og diskuterer korleis litteratur kan reflektere over, legitimere og vidareføre, men også kritisere og endre relasjonane mellom menneske og miljø. Vi skal også utforske litteraturens betydning for natur- og miljørelaterte problemstillingar i ein større samfunnsmessig kontekst, blant annet innanfor utdanning for berekraftig utvikling.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesningar, seminar, gruppearbeid og praktiske øvingar. Det leggast opp til diskusjonar og stor studentaktivitet. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 400 timer.

Vilkår for å gå opp til eksamen

Godkjent arbeidskrav som blir kunngjort ved semesterstart. Nærare informasjon blir gitt i Canvas. Arbeidskravet vil ha vekt på faglig formidling.

Eksamen

Individuell munnleg eksamen. Gradert karakter. Nærare informasjon i Canvas.

Studentevaluering

Emneansvarlig fastset i samråd med studenttillitsvalt evalueringsform og om emnet skal ha midtvegs- eller sluttevaluering i tråd med kvalitetssystemet kapittel 4.1.

Vert tilbydd som enkeltemne

Ja, med atterhald om ledig kapasitet.

Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne

Som for masterprogrammet i Nordisk språk og litteratur.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NOU423 – Natur og miljø i litteraturen - for utenlandske studenter. 15
Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 15. okt. 2026 16:01:53