NO-414 Ungdomslitteratur (Haust 2025)
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Emneansvarlig:
- Cecilie Cathrine Takle
- Undervisningssemester:
- Haust
- Undervisningsspråk:
- Norsk
- Varigheit:
- ½ år
Innhaldsliste
Undervisningsspråk
Forkunnskapskrav
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Etter fullført emne skal studenten
- ha avansert kunnskap om litteraturundervisning på mellomtrinnet og ungdomstrinnet, og om litteraturdidaktikk i et historisk perspektiv
- ha avansert kunnskap om litteraturteori
- ha avansert kunnskap om korleis ein kan tilpasse litteraturundervisninga til elevar med ulike føresetnader og behov
Ferdigheiter:
Etter fullført emne skal studenten
- kunne reflektere kritisk over litteraturens plass i skolens norskfag
- kunne reflektere over forholdet mellom litteraturteori og didaktikk
- kunne på eit avansert nivå analysere ungdomslitterære tekster
- kunne orientere seg i og bruke nasjonal og internasjonal forskning i eige arbeid med ungdomslitteratur
- kunne analysere digitale tekstar og ressursar og kritisk vurdere bruken av dei
- kunne på eit avansert nivå bruke vurdering i litteraturfaget slik at elevane blir bevisste si eiga læring og utvikling
Innhald
Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg avansert kunnskap om litteratur og om litteraturfaget i skolen. Sentralt i emnet står arbeidet med ungdomslitteratur. Studentane skal få inngåande kunnskap om viktig forsking på ungdomslitteratur, og kunne sjå korleis ulike teoretiske innfallsvinklar kan gi ulike perspektiv på tekstane. Studentane skal også reflektere over vekslande syn på litteraturen si rolle i skolen. Gjennom arbeid med emnet skal studentane få avansert innsikt i litteraturundervisning, slik at samanhengen mellom teoretiske modellar og den praktiske bruken av desse blir tydeleg.
Faget i praksis
Gjennom arbeidet med emnet skal studentane vidareutvikle dei faglege føresetnadene for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i språk på 5.-10. trinn i grunnskolen. Emnet førebur studenten til avansert fagdidaktisk refleksjon knytt til arbeid i klasserommet. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksis vil vere viktige for arbeidet med emnet.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsmåtar som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid. Det er venta at studentane er i stand til å delta i faglege samtalar på eit avansert nivå.
Emnet legg opp til å arbeide med digitale verktøy som kan vere tenlege for litteraturundervisning på 5-10. trinn i grunnskolen.
Obligatorisk deltaking i undervisninga vil gå fram av semesterplanen.
Det inngår 5 dagar praksis for grunnskolelærarstudentar i emnet. Desse skal vere ei førebuing til praksisperioden i 8. semester. Andre studentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.
Emnet har eit venta arbeidsomfang på 400 timar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
Godkjend deltaking i obligatorisk undervisning.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart.
Grunnskolelærarstudentar må ha godkjend praksis. Andre studentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang, som må vere godkjend.
Eksamen
Studentevaluering
Vert tilbydd som enkeltemne
Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne
Reduksjon i studiepoeng
Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:
| Emne | Studiepoengreduksjon |
|---|---|
| NO-405 – Norsk som skolefag og vitskapsfag. | 5 |