MA-939 Fantasi, kropp og leik møter rammeplanens område antall rom og form (Høst 2025–Vår 2026)
- Studiepoeng:
- 10
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for teknologi og realfag
- Emneansvarlig:
- Svanhild Breive
- Undervisningssemester:
- Høst
- Undervisningsspråk:
- Norsk
- Varighet:
- 1 år
Innholdsfortegnelse
Emnet er tilknyttet følgende studieprogram
- Fantasi, kropp og leik
Undervisningsspråk
Forkunnskapskrav
Læringsutbytte
KUNNSKAPAR
Etter fullført emne skal studenten ha kunnskapar om:
- borns utvikling av talforståing, rom- og formforståing, mønsterforståing og forståing for målingsomgrepet
- kva rolle leik spelar i matematiske læreprosessar
- kva rolle fantasi spelar i matematiske læreprosessar
- kva rolle teikning spelar i matematiske læreprosessar
- kva rolle språket, kroppen og omgjevnadane spelar i matematiske læreprosessar
- problemløysing og samanhengen mellom leik og problemløysing
- den potensielle spenninga mellom leikens uvisse og matematikkens «målorientering» og korleis ein kan overkomme dette
FERDIGHEITER
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- legge til rette for læring av matematikk der fantasi og leik er sentrale element
- legge til rette tverrfagleg og heilhetleg læring der matematiske omgrep er inkludert
- legge til rette for problemløysing i matematikk gjennom leikne tilnærmingar
- legge til rette for aktivitetar der born kan nytte teikning i si matematiske tenking
- analysere matematiske læreprosessar og kva rolle fantasi, leik, teikning, kropp og andre reiskapar spelar i prosessen
GENERELL KOMPETANSE
Etter fullført emne
- kan studenten legge til rette for matematiske læringsaktivitetar som er tilpassa born i ulike aldersgrupper i barnehagen
- kan studenten analysere og reflektere kring eigen deltaking i matematiske læreprosessar med små born
- har studenten innsikt i borns utvikling av matematisk forståing
- har studenten innsikt i matematisk problemløysing samt kva rolle fantasi, leik, teikning, kropp og andre reiskapar spelar i matematiske læreprosessar
Innhold
Studiet fokuserer på ulike tilnærmingar til matematisk tenking der fantasi, kropp og leik er i fokus. Studiet er delt opp i 2 emne av 5sp kvar (5sp haust og 5sp vår). Kvart emne er igjen delt opp i 2 modular, totalt 4 modular i heile studiet:
Modul 1 (haust): I denne modulen skal studentane lære å lage ei fantasi-verd som ramme for matematisk tenking. Læringsteoretisk omhandlar modulen kva rolle fantasi spelar inn på læringsprosessen. Det blir òg noko fokus på tverrfaglegheit.
Modul 2 (haust): I denne modulen skal studentane lære korleis ein kan legge til rette for matematisk tenking gjennom ulike former for leik. Læringsteoretisk omhandlar modulen den potensielle spenninga mellom leikens uvisse og matematikkens «målorientering» og korleis ein kan overkomme dette.
Modul 3 (vår): I denne modulen skal studentane lære korleis ein kan legge til rette for problemløysing i matematikk gjennom leikne tilnærmingar. Læringsteoretisk omhandlar modulen problemløysing, samanhengen mellom leik og problemløysing, samt kva rolle kroppen og omgjevnadane spelar i læreprosessen.
Modul 4 (vår): I denne modulen skal studentane lære å planlegge aktivitetar der born kan nytte teikning i si matematiske tenking. Læringsteoretisk skal modulen omhandle kva rolle teikning spelar i matematiske læreprosessar.
Undervisnings- og læringsformer
Studiet har eit forventa arbeidsomfang på rundt 267 timer fordelt over begge semester (likt fordelt på kvar modul).
Studiet består av synkrone- og asynkrone forelesingar, oppgåver, lesing og gruppediskusjonar. Dei synkrone forelesingane vil foregå som zoom-møter i sann tid og bestå av nokre reine forelesningar av faglærar samt arbeidsoppgåver, felles refleksjonar og gruppediskusjonar. Dei asynkrone forelesingane vil bli lagt ut i Canvas og bestå av videoar, lesing, arbeidsoppgåver og refleksjonar.
I studiet inngår det to obligatoriske samlingar med tilbod om eit hybrid digitalt alternativ. Kvar samling går over to påfølgande dagar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
Gjennomført alle dei 4 arbeidskrava i studiet (eit arbeidskrav i kvar modul).
Arbeidskrava er i form av praktiske utprøvingar i ei barnegruppe, analyse av og refleksjon kring utprøvinga i etterkant, samt skrifteleg eller munnleg rapport av dette arbeidet.
Nærmare beskriving av arbeidskrava vert gjeve ved semesterstart.
Eksamen
Det inngår to deleksamenar i studiet: ei mappeinnlevering i haustsemesteret og ein munnleg individuell eksamen i vårsemesteret. Begge deleksamenane har vurderingsforma bestått / ikkje bestått. Begge deleksamenane må vere bestått for at studiet som heilskap skal vurderast til bestått.
Nærare beskriving av mappeeksamen og munnleg eksamen vert gjeve gjennom semesteret.