SK-201 Skolebibliotekkunnskap 3: Bacheloroppgåve (Vår 2024)
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Emneansvarlig:
- Ingeborg Eidsvåg Fredwall
- Undervisningssemester:
- Vår
- Undervisningsspråk:
- Norsk.
- Varigheit:
- ½ år
Innhaldsliste
Undervisningsspråk
Norsk.
Forkunnskapskrav
- Skolebibliotekkunnskap 1 og Skolebibliotekkunnskap 2, eller tilsvarande
- Emnet SK-200 Informasjonskompetanse og leseutvikling
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført studium skal studenten
- ha kunnskap om nyare forsking om elevar sin informasjonssøkeadferd, informasjonskompetanse og leseutvikling
- ha kunnskap om samanhengen mellom informasjonskompetanse og leseutvikling
- vite kva som kjenneteiknar eit undersøkjande arbeid og kva for krav som blir stilte til metode og framstillingsform
- ha kunnskap om etiske problemstillingar knytt til undersøkjande arbeidsmåtar
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten
- kunne gjere didaktiske og metodiske vurderingar når det gjeld bruk av bibliotek og læringsressursar i skolen
- kunne formulere ei problemstilling og gjere ein fagleg analyse av denne, rapportere arbeidet i ei større skriftleg framstilling, og vurdere og referere til kjelder
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten
- kunne drøfte faglege og yrkesetiske problemstillingar knytte til skolebibliotekfeltet
- kunne peike på moglegheiter for vidareutvikling av skolebiblioteket som lærings- og danningsarena
Innhald
Emnet vil vidareføre den teoretiske innføringa i informasjonskompetanse og leseutvikling frå emnet SK-200, men er òg eit meir praktisk retta emne, der informasjonssøk, kjeldevurdering, kunnskapsutvikling og presentasjon av læringsresultat er hovudtema. Studentane skal skrive ei bachelorsoppgåve. Det vil bli lagt vekt på å sjå fortsetjande leseopplæring, lesing av ulike typar tekster og arbeid med lesestrategiar i samanheng med utvikling av informasjonskompetanse.
Undervisnings- og læringsformer
Hovudarbeidet i dette emnet er arbeid med bacheloroppgåva. Studiet er organisert som eit nettbasert deltidsstudium. Hovuddelen av undervisning og rettleiing går føre seg på læringsplattforma Canvas. Éi obligatorisk samling blir arrangert i Kristiansand. Obligatorisk rettleiing (3 rettleiingsøkter) kan bli gitt som gruppe- og individuell rettleiing. Emnet har et forventet arbeidsomfang på 400 timer.
Vilkår for å gå opp til eksamen
- Godkjent éi obligatorisk innlevering (oversikt over denne ligg føre ved semesterstart)
- Deltaking i obligatorisk samling
- Obligatorisk rettleiing (3 rettleiingsøkter)
Eksamen
Skriftleg, individuell bacheloroppgåve. Gradert karakter.
Studentevaluering
Emneansvarleg i samråd med studenttillitsvald avgjer evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Sist henta frå FS (Felles studentsystem)
15. okt. 2026 15:55:13