Innhaldsliste

Undervisningsspråk

Norsk

Forkunnskapskrav

Bestått praksis i 4. studieår.

Bestått alle andre emne som inngår i studieprogrammet før oppgåva blir levert til sensur.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Studenten skal

  • ha spesialisert innsikt i eit avgrensa område innanfor norskdidaktikk retta mot trinn 1-7 i grunnskolen
  • ha inngåande kunnskap om forsking, teori og metodar som er relevante for masteroppgåva i norskdidaktikk

Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne utforme problemstillingar som er viktige for undervisning i norskfaget, analysere og utforske desse, og kunne presentere resultata på ein vitskapeleg måte
  • kunne analysere og forholde seg kritisk til forsking og bruke denne kunnskapen i arbeidet med masteroppgåva i norskdidaktikk
  • kunne gjere greie for forsking, teori og metodar som er relevante for masteroppgåva i norskdidaktikk

Generell kompetanse

Studenten skal

  • på eit avansert nivå kunne formidle og kommunisere til ulike målgrupper om faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga

Innhald

Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid innan eit fagdidaktisk tema i norskfaget retta mot trinn 1-7 i grunnskolen. Oppgåva skal vere profesjonsretta og praksisorientert. Både teoretiske og empiriskbaserte studiar kan vere moglege. Arbeidet vert utført i samråd med ein oppnemnt rettleiar, som må godkjenne problemstillinga. Studenten får tildelt rettleiar på grunnlag av ei prosjektskisse.

Undervisnings- og læringsformer

Arbeidet med masteroppgåva skjer i regelmessig kontakt med rettleiar. Plikter og rettar i arbeidet vil gå fram av ein rettleiingskontrakt. I emnet inngår 2 obligatoriske rettleiingsmøte. I tillegg kjem munnleg presentasjon av masterarbeidet i eit eige seminar. Normalt vil delar av rettleiinga skje i grupper der studentane må delta aktivt i arbeid med eigne og andres tekstar.

Obligatorisk arbeid vil gå fram av rettleiingskontrakten.

Det er venta at kvar student arbeider minst 800 timar med emnet.

Vilkår for å gå opp til eksamen

  • Godkjend deltaking i obligatorisk rettleiing og presentasjonsseminar.
  • Godkjend og underskriven rettleiingskontrakt. Vilkåra i rettleiingskontrakten må vere oppfylte.

Eksamen

Masteroppgåva kan skrivast individuelt eller i par. Valfri målform. Omfang: 50-80 sider/20000-32000 ord (75-100 sider/30000-40000 ord dersom oppgåva vert skriven i par). Studentane kan velje å bruke tekstdelar frå arbeidskrav og/eller eksamenssvaret frå NO-506 som ein del av masteroppgåva. Ein kan opne for dokumentasjons- og framstillingsformer som kombinerer den skriftlege teksten med andre medium (t.d. film). I slike tilfelle må form og omfang avtalast med instituttet. Oppgåva vert vurdert med bokstavkarakter A-F.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 14. okt. 2026 13:12:59