NO-504 Masteroppgåve i norskdidaktikk (Haust 2022)
- Studiepoeng:
- 30
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Emneansvarlig:
- Anne Margit Løvland
- Undervisningssemester:
- Vår
- Undervisningsspråk:
- Norsk
Innhaldsliste
Undervisningsspråk
Forkunnskapskrav
Bestått praksis i 4. studieår.
Bestått alle andre emne som inngår i studieprogrammet før oppgåva blir levert til sensur.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Studenten skal
- ha spesialisert innsikt i eit avgrensa område innanfor norskdidaktikk retta mot trinn 5-10 i grunnskolen
- ha inngåande kunnskap om forsking, teori og metodar som er relevante for masteroppgåva i norskdidaktikk
Ferdigheiter
Studenten skal
- kunne utforme problemstillingar som er viktige for undervisning i norskfaget, analysere og utforske desse, og kunne presentere resultata på ein vitskapeleg måte
- kunne analysere og forholde seg kritisk til forsking og bruke denne kunnskapen i arbeidet med masteroppgåva i norskdidaktikk
- kunne gjere greie for forsking, teori og metodar som er relevante for masteroppgåva i norskdidaktikk
Generell kompetanse
Studenten skal
- på eit avansert nivå kunne formidle og kommunisere til ulike målgrupper om faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga
Innhald
Undervisnings- og læringsformer
Arbeidet med masteroppgåva skjer i regelmessig kontakt med rettleiar. Plikter og rettar i arbeidet vil gå fram av ein rettleiingskontrakt. I emnet inngår 2 obligatoriske rettleiingsmøte. I tillegg kjem munnleg presentasjon av masterarbeidet i eit eige seminar. Normalt vil delar av rettleiinga skje i grupper der studentane må delta aktivt i arbeid med eigne og andres tekstar.
Obligatorisk arbeid vil gå fram av rettleiingskontrakten.
Det er venta at kvar student arbeider minst 800 timar med emnet
Vilkår for å gå opp til eksamen
Godkjend deltaking i obligatorisk rettleiing og presentasjonsseminar.
Godkjend og underskriven rettleiingskontrakt. Vilkåra i rettleiingskontrakten må vere oppfylte.