NO-502 Masteroppgåve (Haust 2022–Vår 2023)
- Studiepoeng:
- 45
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Emneansvarlig:
- Bjarne Kristian Markussen
- Undervisningssemester:
- Haust
- Undervisningsspråk:
- Norsk
- Varigheit:
- 1 år
Innhaldsliste
Emnet er knytt til følgjande studieprogram
Undervisningsspråk
Norsk
Forkunnskapskrav
Eksamen i NO-400/NO-416/NO-417, i NO-209/NO-213 og i NO-405 må vere beståtte før oppgåva blir levert til sensur.
Læringsutbytte
Studentane skal
- ha utvikla sjølvstendige og kritiske haldningar til vitskapleg grunnlagsmaterial og framstillingsform
- kunne nytte vitskapleg teori og metode
- kunne gjennomføre eit forskingsprosjekt under rettleiing
Innhald
Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid, innan eit fagleg eller fagdidaktisk tema, retta mot 1.-7. steg eller mot 5.-10. steg, utført i samråd med ein oppnemnd rettleiar. Oppgåva kan vere individuell eller del av eit samarbeidsprosjekt. Instituttet hjelper til med å formulere problemstillingar for oppgåva. Studentane får tildelt rettleiar på grunnlag av ei prosjektbeskriving. Omfanget av masteroppgåva er normalt 70-90 sider (Times New Roman, 12 pkt. 1,5 linjeavstand).
Undervisnings- og læringsformer
Skriving av avhandling under individuell rettleiing. Skrivekurs (obligatorisk). Obligatorisk rettleiing: minimum 3 møte. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på 1200 timer.
Vilkår for å gå opp til eksamen
Obligatorisk skrivekurs og framleggingsseminar for alle som ikkje allereie har levert og fått godkjent prosjektbeskriving og framdriftsplan for masteroppgåva. Studenten må ha møtt til obligatorisk rettleiing (3 møter).
Eksamen
Skriftleg masteroppgåve. Omfanget av masteroppgåva er normalt 70-90 sider (Times New Roman, 12 pkt. 1,5 linjeavstand). Oppgåva skal skrivast på bokmål dersom eksamenssvaret i NO-400/NO-416/NO-417 er skrive på nynorsk, og på nynorsk dersom eksamenssvaret i NO-400/NO-416/NO-417 er skrive på bokmål. Gradert karakter.
Studentevaluering
I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Sist henta frå FS (Felles studentsystem)
15. okt. 2026 13:40:28