NO-500 Masteroppgåve (Haust 2022)
- Studiepoeng:
- 60
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Emneansvarlig:
- Bjarne Kristian Markussen
- Undervisningssemester:
- Vår
- Undervisningsspråk:
- Norsk.
Innhaldsliste
Emnet er knytt til følgjande studieprogram
- Nordisk språk og litteratur, masterprogram
Undervisningsspråk
Norsk.
Forkunnskapskrav
Eksamen i NO-416 Litteraturteori eller NO-417 Språkteori, Fordjupningssemne 1 og Fordjupningsemne 2 må vere beståtte før oppgåva blir levert til sensur.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane
Kunnskap
- ha avansert kunnskap innanfor det tematiske området for oppgåva, inkludert tidlegare forsking
- ha inngåande kunnskap om teori og metode innanfor området for oppgåva
Ferdigheiter
- kunne planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt
- kunne skrive strukturert og argumenterande og nytta det vitskaplege apparatet korrekt
- kunne vurdere og kritisere vitskapleg grunnmateriale, teoriar og metodar
Generell kompetanse
- kunne bruke sine kunnskapar og ferdigheiter til å løyse problem i faglege og ikkje-faglege samanhengar
- ha sjølvstendige og kritiske haldningar til vitskapleg grunnmateriale og framstillingsform
- kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar både med spesialistar og til almenta
Innhald
Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig forskingsarbeid, utført i samråd med ein oppnemnd rettleiar. Studentane får tildelt rettleiar på grunnlag av ein prosjektomtale. Omfanget av masteroppgåva er normalt 80-120 maskinskrivne sider.
Undervisnings- og læringsformer
Skriving av avhandling under individuell rettleiing. Skrivekurs (obligatorisk). Obligatorisk veiledning: minimum 4 møter. Emnet har et forventa arbeidsomfang på 1600 timar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
Obligatorisk skrivekurs for alle som ikkje allereie har levert og fått godkjent prosjektbeskriving og framdriftsplan for masteroppgåva. Studenten må ha møtt til obligatorisk veiledning.
Eksamen
Individuell skriftleg masteroppgåve. Omfanget av masteroppgåva er normalt 80-120 sider (Times New Roman, 12 pkt., 1,5 linjeavstand). Oppgåva skal skrivast på bokmål dersom eksamenssvaret i NO-400, NO-416 eller NO-417 er skrive på nynorsk, og på nynorsk dersom eksamenssvaret i NO-400, NO-416 eller NO-417 er skrive på bokmål. Gradert karakter.
Studentevaluering
I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Tilgang for privatistar
Nei.
Reduksjon i studiepoeng
Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:
| Emne | Studiepoengreduksjon |
|---|---|
| NO-6670 – Hovedoppgave. | 60 |
| NO-6670 – Hovedoppgave. | 60 |
Sist henta frå FS (Felles studentsystem)
15. okt. 2026 13:40:27