Innhaldsliste

Undervisningsspråk

Norsk.

Forkunnskapskrav

  • Skolebibliotekkunnskap 1 og Skolebibliotekkunnskap 2, eller tilsvarande
  • Emnet SK-200 Informasjonskompetanse og leseutvikling

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført studium skal studenten

  • ha kunnskap om nyare forsking om elevar sin informasjonssøkeadferd, informasjonskompetanse og leseutvikling
  • ha kunnskap om samanhengen mellom informasjonskompetanse og leseutvikling
  • vite kva som kjenneteiknar eit undersøkjande arbeid og kva for krav som blir stilte til metode og framstillingsform
  • ha kunnskap om etiske problemstillingar knytt til undersøkjande arbeidsmåtar

Ferdigheiter

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne gjere didaktiske og metodiske vurderingar når det gjeld bruk av bibliotek og læringsressursar i skolen
  • kunne formulere ei problemstilling og gjere ein fagleg analyse av denne, rapportere arbeidet i ei større skriftleg framstilling, og vurdere og referere til kjelder

Generell kompetanse

Etter fullført emne skal studenten

  • kunne drøfte faglege og yrkesetiske problemstillingar knytte til skolebibliotekfeltet
  • kunne peike på moglegheiter for vidareutvikling av skolebiblioteket som lærings- og danningsarena

Innhald

Emnet vil vidareføre den teoretiske innføringa i informasjonskompetanse og leseutvikling frå emnet SK-200, men er òg eit meir praktisk retta emne, der informasjonssøk, kjeldevurdering, kunnskapsutvikling og presentasjon av læringsresultat er hovudtema. Studentane skal skrive ei bachelorsoppgåve der det vil bli lagt vekt på å sjå fortsetjande leseopplæring, lesing av ulike typar tekster og arbeid med lesestrategiar i samanheng med utvikling av informasjonskompetanse.

Undervisnings- og læringsformer

Hovudarbeidet i dette emnet er arbeid med bacheloroppgåva. Studiet er organisert som eit nettbasert deltidsstudium. Hovuddelen av undervisning og rettleiing går føre seg på læringsplattforma Canvas. Éi obligatorisk samling blir arrangert i Kristiansand. Obligatorisk rettleiing (3 rettleiingsøkter) kan bli gitt som gruppe- og individuell rettleiing. Emnet har et forventet arbeidsomfang på 400 timer.

Vilkår for å gå opp til eksamen

  • Godkjent éi obligatorisk innlevering (oversikt over denne ligg føre ved semesterstart)
  • Deltaking i obligatorisk samling
  • Obligatorisk rettleiing (3 rettleiingsøkter)

Eksamen

Skriftleg, individuell bacheloroppgåve. Gradert karakter.

Studentevaluering

Emneansvarleg i samråd med studenttillitsvald avgjer evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1.
Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 15. okt. 2026 12:59:51