NO-156 null (Haust 2021)
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Emneansvarlig:
- Elin Gunleifsen
- Undervisningssemester:
- Haust
- Undervisningsspråk:
- Norsk
- Varigheit:
- ½ år
Innhaldsliste
Undervisningsspråk
Tilrådde forkunnskapar
Læringsutbytte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studenten
- ha kunnskap om språket som system og språket i bruk, med særleg vekt på syntaks og tekstlingvistikk
- ha kunnskap om språkleg identitet, norsk som andrespråk og fleirspråkleg praksis
- ha kunnskap om kva som kjenneteiknar munnlege, skriftlege og multimodale tekstar, på nynorsk og bokmål, i ulike sjangrar og medium
- ha noko kunnskap om samisk språk, litteratur og kultur
- ha kunnskap om eit utval skjønnlitterære tekstar i ulike sjangrar og medium, med vekt på litteratur for barn og unge på mellomtrinnet
- ha brei kunnskap om metodar i lese- og skriveopplæringa på mellomtrinnet
- ha kunnskap om kartleggingsprøver, nasjonale prøver og læremiddel for mellomtrinnet
- ha kunnskap om relevant forsking- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på mellomtrinnet, og eit bevisst forhold til kva det vil seie å tenke vitskapleg i norskfaget
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten
- kunne bruke kunnskap om språk og språkutvikling i språkstimulerande arbeid på mellomtrinnet, og gjere greie for fagdidaktiske val som skal fremje munnleg og skriftleg språkutvikling for alle elevar
- kunne bruke kunnskap om kva som kjenneteiknar ulike tekstar og sjangrar i arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekster i ulike medium
- kunne planlegge, gjennomføre og evaluere elev- og klassesamtaler på mellomtrinnet
- kunne bruke ulike metodar i den vidare lese- og skriveopplæringa og tilpasse opplæringa for elevar med ulik bakgrunn og varierande ferdigheiter i norsk
- kunne kjenne att teikn på lese-, skrive- og språkvanskar
- kunne kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter på mellomtrinnet, og gi læringsfremjande respons til alle elevar
- kunne planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med skjønnlitterære tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål på mellomtrinnet
- kunne vurdere ulike norskfaglege læremiddel, særleg for mellomtrinnet
- meistre skriftleg nynorsk og bokmål og kunne undervise elevar i begge målformer
- kunne finne fram til, lese og forstå relevant forskings- og utviklingsarbeid i norskfaget, med særleg vekt på emne relatert til norskundervisning på mellomtrinnet, og ta i bruk slike kjelder i eige arbeid med emnet
- ha utvikla profesjonsfagleg digital kompetanse med særleg fokus på relevant kompetanse for norskundervisning på mellomtrinnet
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten
- kunne legge til rette for at elevar på mellomtrinnet utviklar og vidareutviklar grunnleggande språkferdigheiter og blir tekstkyndige språkbrukarar som kan delta aktivt i klasserommet og på andre sosiale arenaer
- kunne tileigne seg fagstoff og didaktiske arbeidsmåtar i faget gjennom estetiske læringsprosessar
- kunne planlegge og gjennomføre norskundervisning i sentrale emne på mellomtrinnet, og gjere greie for elevtilpassa fagdidaktiske val
- kunne vurdere eigen praksis på mellomtrinnet med grunnlag i gjeldande læreplanar, fagkunnskap og fagdidaktisk innsikt
Innhald
Norsk på barnetrinnet 2 gir eit utvida grunnlag for norskundervisning på trinn 1-7, med hovudvekt på mellomtrinnet. Sentralt står fagleg og fagdidaktisk arbeid med munnlege, skriftlege og multimodale tekstar i ulike sjangrar og medium. Ein legg særleg vekt på vidare lese- og skriveopplæring for elevar med norsk som første- og andrespråk. Emnet presenterer studentane for aktuell forsking og vitskapleg tenking i faget. Studentane skal utvikle sine eigne skriftlege ferdigheiter i bokmål og nynorsk, og vidareutvikle eigen tekstkompetanse og formidlingsevne, også innan akademisk skriving.
Faget i praksis
Gjennom arbeidet med emnet skal studentane tileigne seg eit godt fagleg grunnlag for å kunne planlegge, gjennomføre og evaluere norskundervisning på 5.-7. trinn i grunnskolen. Studentane vil få praksisrelaterte oppgåver som skal gi øving i grundig fagdidaktisk refleksjon. Erfaringar studentane har gjort seg med norskfaget i praksisperioden vil vere viktige for det vidare arbeidet med emnet.
Undervisnings- og læringsformer
Emnet er lagt opp med ulike undervisningsformer i større og mindre studentgrupper. Det blir lagt vekt på studentaktive arbeidsformer som gruppearbeid, munnlege framlegg og skriftlege studentarbeid.
Emnet legg opp til øvingar i refleksjon knytt til lesing og produksjon av digitale tekstar for å fremje utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse.
Det inngår 15 dagar praksis for grunnskolelærarstudentar i emnet. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang.
Emnet har eit venta arbeidsomfang på 400 timar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
- 70% obligatorisk deltaking i undervisning i emnet. Kravet kan skjerpast innanfor bestemte tema som blir gjort kjende ved semesterstart.
- Godkjende obligatoriske arbeidskrav som går fram av oversikt gjort kjend ved semesterstart.
- Grunnskolelærarstudentar må ha bestått praksis. Enkeltemnestudentar skal utføre eit didaktisk arbeid av tilsvarande omfang, som må vere bestått.
Eksamen
Studentevaluering
Vert tilbydd som enkeltemne
Opptakskrav om tilbydd som enkeltemne
Reduksjon i studiepoeng
Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:
| Emne | Studiepoengreduksjon |
|---|---|
| NO-136 – Norsk - emne 1. | 15 |
| NO-136 – Norsk - emne 1. | 15 |
| NO-158 – Norsk for mellomtrinnet. | 10 |
| NO-160 – Norsk for mellom- og ungdomstrinnet. | 10 |