Innhaldsliste

Undervisningsspråk

Norsk.

Tilrådde forkunnskapar

NO-136 og NO-140 eller tilsvarande

Læringsutbytte

Kunnskapar
Etter fullført emne skal studenten

  • ha kunnskapar om korleis andrespråk vert tileigna og utvikla
  • ha kunnskap om kva det vil seie å vere fleirspråkleg og om fleirspråkleg opplæring i Noreg (inkludert opplæringslova og læreplanar)
  • ha kunnskap om norsk språkstruktur i eit samanliknande perspektiv (inkludert språktypologi)
  • ha kunnskap om karakteristiske trekk ved tekstar skrivne av andrespråksinnlærarar
  • ha kunnskap om opplæring av elevar frå språklege minoritetar i lesing, skriving og munnleg bruk av språket
  • ha kunnskap om tolking av litterære tekstar i fleirkulturelle klasserom
  • ha kunnskap om fleirkulturell litteratur på norsk

Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten

  • kunne leggje til rette for innlæring av norsk som andrespråk
  • kunne analysere og vurdere tekstar skrivne av fleirspråklege elevar
  • kunne leggje til rette for arbeid med litteratur i fleirkulturelle klasserom

Innhald

Studentane skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om og innsikt i språklege, litterære og didaktiske emne relatert til undervisning og opplæring av minoritetsspråklege elevar samt det å vere fleirspråkleg.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil skje i fem samlingar og inneheld førelesingar, diskusjonar og mindre gruppearbeid. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på ca. 400 timar.

Vilkår for å gå opp til eksamen

To godkjende arbeidskrav, som blir gjort kjent ved semesterstart.

Eksamen

Individuell skriftleg eksamen under tilsyn på 6 timar. Gradert karakter.

Studentevaluering

I samråd med studenttillitsvald fastset emneansvarleg evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1. Informasjon om evalueringsform for emnet skal publiserast i Canvas.

Vert tilbydd som enkeltemne

Ja. Med forbehold om ledig plass/kapasitet.

Reduksjon i studiepoeng

Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:

Emne Studiepoengreduksjon
NO-149 – Norsk - emne 4: Innføring i norsk som andrespråk og kulturkunnskap. 15
NO-110 – Norsk som andrespråk og kulturkunnskap. 10
NO-123 – Norsk som andrespråk og kulturkunnskap 1. 10
Sist henta frå FS (Felles studentsystem) 15. okt. 2026 12:47:59