NO-141 Innføring i norsk som andrespråk og kulturkunnskap (Haust 2020)
- Studiepoeng:
- 15
- Ansvarlig avdeling:
- Fakultet for humaniora og pedagogikk
- Emneansvarlig:
- Boriana Metodieva Vukovska
- Undervisningssemester:
- Haust
- Undervisningsspråk:
- Norsk.
- Varigheit:
- ½ år
Innhaldsliste
Undervisningsspråk
Norsk.
Tilrådde forkunnskapar
NO-136 og NO-140 eller tilsvarande
Læringsutbytte
Kunnskapar
Etter fullført emne skal studenten
- ha kunnskapar om korleis andrespråk vert tileigna og utvikla
- ha kunnskap om kva det vil seie å vere fleirspråkleg og om fleirspråkleg opplæring i Noreg (inkludert opplæringslova og læreplanar)
- ha kunnskap om norsk språkstruktur i eit samanliknande perspektiv (inkludert språktypologi)
- ha kunnskap om karakteristiske trekk ved tekstar skrivne av andrespråksinnlærarar
- ha kunnskap om opplæring av elevar frå språklege minoritetar i lesing, skriving og munnleg bruk av språket
- ha kunnskap om tolking av litterære tekstar i fleirkulturelle klasserom
- ha kunnskap om fleirkulturell litteratur på norsk
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten
- kunne leggje til rette for innlæring av norsk som andrespråk
- kunne analysere og vurdere tekstar skrivne av fleirspråklege elevar
- kunne leggje til rette for arbeid med litteratur i fleirkulturelle klasserom
Innhald
Studentane skal tileigne seg grunnleggjande kunnskap om og innsikt i språklege, litterære og didaktiske emne relatert til undervisning og opplæring av minoritetsspråklege elevar samt det å vere fleirspråkleg.
Undervisnings- og læringsformer
Undervisninga vil skje i fem samlingar og inneheld førelesingar, diskusjonar og mindre gruppearbeid. Emnet har eit forventa arbeidsomfang på ca. 400 timar.
Vilkår for å gå opp til eksamen
To godkjende arbeidskrav, som blir gjort kjent ved semesterstart.
Eksamen
Individuell skriftleg eksamen på 6 timar. Gradert karakter.
Studentevaluering
I samråd med studenttillitsvald fastset studieprogramleiar evalueringsform og om emna skal ha midtvegs- eller sluttevaluering, jf. kvalitetssystemet kapittel 4.1. Informasjon om evalueringsform for emnet skal publiserast i Canvas.
Vert tilbydd som enkeltemne
Ja. Med forbehold om ledig plass/kapasitet.
Reduksjon i studiepoeng
Innhaldet i dette emnet blir dekt heilt eller delvis av anna emne. Blir tatt eitt av desse emna i tillegg, blir studiepoenga reduserte som følgje:
| Emne | Studiepoengreduksjon |
|---|---|
| NO-149 – Norsk - emne 4: Innføring i norsk som andrespråk og kulturkunnskap. | 15 |
| NO-110 – Norsk som andrespråk og kulturkunnskap. | 10 |
| NO-123 – Norsk som andrespråk og kulturkunnskap 1. | 10 |
Sist henta frå FS (Felles studentsystem)
15. okt. 2026 11:55:39