English version of this page

Nyttige appar for UiA-studentar

Kva appar er praktisk å ha som student på UiA? Her er nokre forslag.

Studier

Mine studier

I Mine studier finn du timeplanar, beskjedar og nyttige tenester for deg som student, samla på éin stad.

Canvas

På denne sida finn du det du treng å vite om studiane dine; emne, innleveringar og beskjedar frå emne og studieprogram.

Mazemap 

Slit du med å finne fram på campus, er denne appen gull! Berre skriv inn romnummer dit du skal, så hjelper appen deg med å finne fram.

Quizlet

På Quizlet kan du lage smarte "flashcards" for å pugge pensum betre.

Studentrabatt

Studentbevis

Denne appen er det digitale studentbeviset ditt og er berre gyldig etter du er registrert som student og har betalt semesteravgift. Studentbeviset er essensielt, og kan brukast i alle samanhengar der du må bevise at du er student, for eksempel om du vil nytte deg av studentrabattar på kollektivtransport eller i butikkar.

Akademika

Akademika er fellesappen for bokhandlane på campusar rundt omkring i Noreg. Sett innstillinga til "SiA Bok", og du vil få spesifikke tilbod som gjeld for deg i Kristiansand og Grimstad.

Studentpakken

Ein gong i halvåret blir Studentpakken delt ut på campusane, men resten av året kan du finne gode tilbod for studentar i appen.

Mat og drikke

Mattilbud

I denne appen finn du tilboda på alle matbutikkane i Noreg. Som student lever ein ofte på lite pengar, så Mattilbud er genial for å få pengane til å halde lengst mogleg.

Too good to go

Her får du to i éin! Du kan spare både pengar og miljøet ved å redde matvarer som elles ville blitt kasta, ofte til ein veldig redusert pris. Her lønner deg seg å vere tidleg ute med å kapre dei beste tilboda – når det er tomt, så er det tomt.

Shopping

Sørlandssenteret kundeklubb

Dette er appen til Noregs største kjøpesenter, Sørlandssenteret. Appen inneheld eksklusive tilbod der du potensielt kan spare gode pengar. Nokre av tilboda er faste om du har lasta ned appen, og nokre av tilboda varer berre i kortare periodar.

IKEA

Her på UiA er vi så heldige at IKEA ligg relativt nær begge campus. IKEA i seg sjølv er jo kjent for å vere ganske prisvenleg, men med IKEA family-appen kan du få endå betre tilbod på alt du treng til leilegheita.

Byliv

Dette er ein app frå Kvadraturforeningen i Kristiansand, og gir ei god oversikt over alle butikkane i Kristiansand sentrum, kampanjar, vanlege rabattar og studentrabattar. Ta ein titt før du skal til frisøren, ut og ete eller på handletur, så er det ofte pengar å spare!

Oddensenteret kundeklubb

Oddensenteret er kjøpesenteret på brygga i Grimstad. Med appen får du tilbod, konkurransar og enkel oversikt rett på mobilen.

Transport

AKT

Appen til Agder kollektivtransport (AKT) er eit must om du bur i Agder. Her får du kjøpt billettar til buss i heile Agder, og du kan også sjå kvar alle sparkesyklane i nærleiken er.

Sparkesykkel

Apropos sparkesyklar, så treng du dei ulike selskapa sine eigne appar for å kunne bruke dei. Dei mest relevante i Kristiansand er Voi og Ryde. Grimstad har også Voi sparkesyklar.

Bo og fritid

Spicheren

Nytt deg av Sørlandets største treningssenter drifta av Studentsamskipnaden i Agder (SiA).

SiA Studentliv

Her får du ei totaloversikt over alle tilboda til SiA, som kantina, SiA Helse og barnehage. Det beste med appen er aktivitetskalenderen der det ligg mange gøy å finne på som student.

SiA Bolig

I appen kan du enkelt administrere leigeforholdet ditt hos SiA Bolig, t.d. betale husleiga eller melde om feil på bustaden.

Friskus

Dette er appen til Kristiansand kommune. Her får du nyttige beskjedar om ting som skjer eller må takast omsyn til rundt omkring i kommunen, som brøyting, nyttige søknadsfristar, arrangement osv.

Publisert 14. mars 2024 - Sist endra 25. nov. 2025