Gå inn i samarbeidsprosjekt
Verksemda di kan samarbeide direkte med eit fagmiljø ved UiA der begge partar bidrar med ressursar i prosjektet.
Dette blir kalla bidragsforsking, og blir for eksempel finansiert av Forskingsrådet, Regionale forskingsfond og EU.
Har verksemda di felles interesser med eit av forskingsmiljøa eller fagmiljøa våre, kan det inngåast eit samarbeid om å skrive ein felles søknad om finansiering. Normalt føreset det at verksemda sjølv bidrar med delfinansiering og eigne forskingsressursar.
Av eksternt finansiert forsking på UiA, har vi mest bidragsforsking I oversikta over forskningsprosjekta våre ser du kva prosjekt som er finansierte frå ulike aktørar.
Gi eit forskingsoppdrag
Gjennom såkalla oppdragsforsking kan forskingsmiljøa våre løyse spesifikke problemstillingar for bedrifta eller verksemda di.
Innanfor nokre område kan bedrifter søke midlar gjennom Noregs forskingsråd. Les meir om finansiering for næringslivet på Forskningsrådets nettsider.
I Agder finst det også eigne ordningar:
- Forskningsmobilisering Agder har som formål å stimulere små og mellomstore bedrifter til å nytte seg av forsking i sine innovasjons- og utviklingsprosessar.
Oppdragsforsking er gjerne forskingsprosjekt som ein aktør (departement, kommune etc.) ønsker å få gjennomført og legg ut på anbod.
UiA har få slike prosjekt i dag, men forskinga hos Senter for anvendt kommunalforskning er eit eksempel på oppdragsforsking.
Har du spørsmål?
Kontakt forskings- og innovasjonsavdelinga ved UiA.
- E-post
- ann.c.schulze-krogh@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 19 91
- E-post
- kristian.espelid@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 14 03