Utdanningsprisen

Kvart år deler Universitetet i Agder ut ein utdanningspris. Utdanningsprisen går til ein person, eit miljø eller ei eining som har markert seg positivt for læringsmiljøet og/eller studiekvaliteten. 

Tidlegare vinnarar:

  • Line Føreland og Tom Flaten ved Fakultet for humaniora og pedagogikk (2023)
  • Undervisningsverkstedet ved Avdeling for lærerutdanning (2022)
  • Bjørge Herman Hansen ved Fakultet for helse- og idrettsvitskap (2021)
  • Ph.d.-spesialiseringa i informasjonssystem ved Fakultet for samfunnsvitskap (2020)
  • Arngrim Hunnes og Torunn S. Olsen ved Handelshøyskolen ved UiA (2018)
  • Jørn Hustad ved Institutt for helse- og sjukepleievitskap (2017)
  • Reidun Renstrøm ved Institutt for naturvitskaplege fag (2016)
  • Agnes-Margrethe Bjorvand ved Institutt for nordisk og mediefag (2015)
  • Jørn Schauved Institutt for klassisk musikk og musikkpedagogikk (2014)

Prisen er på 100 000 kroner og skal oppfattast som ei tydeleg påskjøning til arbeid som bidreg til nyskaping og utvikling. Prisen blir tildelt éin vinnar.

Fakulteta, Avdeling for lærarutdanning og Studentorganisasjonen i Agder kan fremje grunngitt nominasjon av éin kandidat kvar. Det er utarbeidd ein mal for slik nominasjon.

Einingane bestemmer sjølv dei interne prosessane sine.

Frist for å nominere kandidatar til utdanningsprisen for universitetet er 1. september.

Eit prisutval utnemnt av rektor vurderer dei nominerte kandidatane.

Prisutvalet innstiller éin kandidat som vinnar av prisen, og universitetsstyret tildeler prisen. Utdeling av prisen skjer på årsfesten til universitetet.

Statuttar for utdanningsprisen

Nominasjonsskjema (fil)

Kontaktperson:

Bilde av Anne Marie Sundberg
Seniorrådgiver
E-post
anne.m.sundberg@uia.no
Telefon
+47 38 14 10 18
Publisert 17. apr. 2024 - Sist endret 30. apr. 2024