English version of this page

Arbeidsmiljøutvalet

Alle verksemder med minst 30 arbeidstakarar har plikt til å opprette eit arbeidsmiljøutval (AMU).

Møtedatoar og dokument

Innkalling, sakslister og møteprotokollar finn du i Utvalgsportalen.

Kontakt:

Bilde av Janne Ommundsen
Sekretær
E-post
janne.ommundsen@uia.no
Telefon
+47 38 14 25 17

Arbeidsmiljøutvalet er eit besluttande og rådgivande organ som har som si viktigaste oppgåve å arbeide for at arbeidsmiljøet vårt er fullt forsvarleg. Utvalet skal delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet i verksemda, og følge nøye med på utviklinga av arbeidsmiljøet.

Alle arbeidstakarar kan henvende seg til utvalet med eventuelle problem som gjeld arbeidsmiljøet. AMU tar også opp spørsmål på eige initiativ eller etter innspel frå verneombod.

Oppgåver for AMU etter arbeidsmiljøloven:

  • Behandle spørsmål som gjeld bedriftshelsetenesta og verneteneste.
  • Behandle spørsmål om opplæring og instruksjon på område som har noko å seie for arbeidsmiljøet.
  • Behandle planar om nye lokale, prosessar eller ombyggingar som krev samtykke frå Arbeidstilsynet.
  • Behandle andre planar som kan få vesentleg betyding for arbeidsmiljøet, som nye maskiner, rasjonaliseringstiltak, endringar i arbeidsprosessar og førebyggande vernetiltak.
  • Delta aktivt i helse- , miljø- og sikkerheitsarbeid for verksemda. Delta i kartleggingar, utarbeidingar av handlingsplanar og gi råd til prioriteringar og tiltak.
  • Vurdere helse- og velferdsaspekt ved arbeidstidsordningar.
  • Gå gjennom alle rapportar om ulykker, nestenulykker og sjukdom som kan kome av arbeidsmiljøet. Ha fokus på årsaka til hendinga og sjå til at arbeidsgivaren gjer det som er nødvendig for å hindre at det skjer igjen.
  • Gå gjennom alle rapportar om yrkeshygieniske undersøkingar og måleresultat.
  • Behandle spørsmål om tilrettelegging for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne.
  • Utarbeide ein årsrapport om arbeidet.

AMU har i tillegg oppgåver som beskrive i forskrift om organisering, leiing og medverknad.

AMUs medlemer på UiA

AMU skal ha like mange representantar frå arbeidsgivar- og arbeidstakarsida.

Arbeidsgivarrepresentantane blir utnemnde av styret ved universitetet. Arbeidstakarrepresentantane, blant dei hovudverneombodet, blir utpeika av tenestemannsorganisasjonane.

Funksjonsperioden for medlemer i AMU er 2 år. Leiar for AMU blir vald for 1 år av gongen blant AMUs medlemer. Arbeidsgivarsida og arbeidstakarsida vekslar om å ha leiarvervet.

Bedriftshelsetenesta har ein rådgivande og uavhengig funksjon og skal vere representert i AMU utan stemmerett.

Sejå oversikt over medlemer i Utvalgsportalen

Underutval til AMU

Publisert 15. apr. 2024 - Sist endra 30. mars 2026