Fremtidens Bad
I Noreg står vi i dag overfor store samfunnsmessige utfordringar knytt til eldrebølga. Det er ingen tvil om at vi stadig blir fleire eldre, og at dei eldre stadig blir eldre og eldre. Det er dette Foss Fabrikker AS ønskjer å bidra med; å skape nye tilrettelagde baderomsløysingar som gjer det enklare å bu lenger heime. Altså eit samarbeid mellom ulike aktørar: Foss Fabrikker, I4Helse, CoLAB og fleire kommunar i Agder har utvikla Fremtidens Bad-prosjektet.
Steinkleiva 15 - «Eit innovativt og tilrettelagt bu-miljø for unge og eldre med nedsett funksjonsevne i Kristiansand kommune»
Noreg får stadig fleire innbyggjarar, og gjennomsnittsalderen til både kvinner og menn aukar. Av den grunn blir det stadig fleire eldre som treng bustadar som er tilpassa behova deira. I tillegg finst det også yngre personar med nedsett funksjonsevne som treng tilrettelagte bustadar som møter behova på ein tilstrekkeleg måte. Dette utfordringsbildet ønskjer Kristiansand Boligstiftelse, I4Helse og CoLAB å gjere noko med i renovasjonsprosjektet Steinkleiva 15.
I2I - From isolation to inclusion
Interreg-prosjektet I2I jobbar for å redusere isolasjon og einsemd. I Agder er Arendal kommune partnar, og målgruppa er heimebuande eldre. CoLABs rolle handlar om å fasilitere ulike workshopar og gi rådgiving til prosjektet. Professor Elin Thygesen ved fakultet for helse- og idrettsfag/senter for eHelse er prosjektleiar.
Arbeidsuka
Saman med Kristiansand kommune, Ungt Entreprenørskap og Dyreparken lagar vi "Arbeidsuka" for 10–20 elevar som skal løyse problem for Dyreparken basert på designmetodikk. Elevane lærer om innovasjon, problemløysing, kreativitet og samarbeid. I tillegg får dei ein smakebit på livet på eit universitet og campus Kristiansand. Du kan lese meir om prosjektet her.
Vårt Agder
For å lukkast med å få "utsleppa ned og levekåra opp" må det arbeidast på andre måtar. CoLAB hjelper med dette ved å tilby ein modell med tre opne forum for samfunnsutviklingssamarbeid på tvers av forvaltningsnivå, fagområde og sektorar. I tillegg til å fasilitere store workshops i desse fora, har vi også, i med fylkeskommunen, laga eit kurs i Design Thinking som samskapingsmetodikk og som verktøy for å lukkast med nærmiljøsatsingar ute i kommunane.
Arena for bærekraft
Forprosjektet fokuserer på korleis ein kan gjere reiselivs- og kulturnæringa på Sørlandet meir berekraftig. Prosjektet har samlingar med praktiske, hands-on oppgåver og har omkring 25 deltakarar frå organisasjonar som Hansa, Franzefoss, Palmesus, Kristiansand kommune, Visit Sørlandet og fleire. Kulturrådet er finansieringspartnar.
Tidligere prosjekter
Sykkelturen:
I 2022 markerte Norges Frivilligsentraler frivillighetens år ved å sykle fra Nordkapp, gjennom alle landets fylker, og avslutte i Arendal. Syklene hadde med passasjerar som av ulike årsakar ikkje kunne sykle sjølve, og ruta gjekk gjennom område som viste fram frivillig arbeid undervegs. Vi har arbeidd med utvikling av samskapingsmetodikk for å hjelpe dei 11 fylka til å designe ei best mogleg sykkelrute for sitt eige fylke, med involvering av alt frå kor, judoklubbar, korps til ulike landemerke og turistattraksjonar.
Kongens senter:
Kongens senter, lokalisert i sentrum av Kristiansand, består i dag av eldreboligar og eit seniorsenter med aktivitetstilbod på dagtid. No skal bygget renoverast for å bli eit flergenerasjonsbygg. Målet er å etablere bustadar for eldre, personar med nedsett funksjonsevne, familiar med flyktningbakgrunn, samt studentar under same tak i eit sosialt bustadsfellesskap. Tanken er at å bu saman på tvers av generasjonar kan bidra til auka tryggleik og samtidig førebyggje einsemd og inaktivitet, særleg blant eldre, men også blant unge og studentar. CoLAB har invitert studentar til workshop for å kartlegge behova deira, og har invitert studentar og elevar frå Latvia, Noreg, Polen og Litauen til å jobbe i grupper for å utvikle konseptet som heilskap.
Utviklingsenheten for sykehjem og hjemmetjenester (USHT):
Vi informerer deg gjerne meir om dette prosjektet. Ta kontakt på colab@uia.no.
Vi informerer deg gjerne meir om prosjekta våre. Ta kontakt på mail colab@uia.no.