UiA CoLAB arbeider med studentemner på ulike nivå. Gjennom kurs og emner involverer CoLAB studentar i prosjektarbeid og/eller andre praktiske oppgåver.
Vi har emneansvar med undervisning og sensur, held gjesteførelesingar og gir rettleiing. Vi fungerer som "prosjektmeglar", der vi koplar utfordringar frå eksterne samarbeidspartnarar med studentar som får interessante oppgåver frå det verkelege liv.
Samskaping - teori i praksis (SV-420-1)
Emnet inngår i ei rekke studieprogram ved UiA. Studentar frå forskjellige fag og disiplinar møtast for å samarbeide om å løyse komplekse regionale utfordringar gjennom nyskaping og samskaping. Les meir om emnet her
Etter- og vidareutdanning: Design thinking i praksis
Design Thinking er ei etter- og vidareutdanning (EVU) som gir deg praktisk erfaring i brukarinvolvering, idéutvikling og å omsette ideane til handling. Tilbodet gir deg verktøya du treng for å utvikle produkt eller tenester som er tilpassa kundenes eller brukernes behov. Les meir om emnet her
TFL108 - Entreprenørskap for humanister
Emnet skal gjere humaniora-studentar merksame på kva moglegheiter dei har til å skape sin eigen jobb. Ikkje alle skal nødvendigvis bli entreprenørar i den forstanden at dei startar eigen verksemd, men alle kan sjå problem som ein moglegheit til å skape verdiar. Ved å gi studentane trening i kreativitet og problemløysing, kan dette bidra til å forbetre familiar, organisasjonar og firma, og på den måten endre samfunnet vi lever i. Emnet er eigd av fakultetet for Humaniora og pedagogikk, og CoLAB samarbeider med Ungt Entreprenørskap om gjennomføringa, der alle studentane opprettar studentbedrift.
Les meir om emnet her
IS-112 - Tjenestedesign og forretningsmodeller
Emnet er utforma for å gi studentane ei plattform for planlegging av digitaliseringsprosjekt. Det gir deltakarane eit kunnskaps- og metodefundament for å leie eller delta i innovasjonsprosessar knytt til digitalisering og tenestedesign, med brukaren av tenestene i sentrum. CoLAB bidrar med gjesteførelesingar og koplar eksterne aktørar, som til dømes Vitensenteret, SKMU, Risør kommune, Lindesnes Fyr, SSHF, Ravnedalen live, med studentane. Les meir om emnet her
ORG125 - Creative process management
Kreativ prosessledelse har blitt tilbudt til studentane på Handelshøyskolens reiselivsprogram. Studentane har blitt trent i prosessledelse, workshops og samskaping. I samarbeid med Lyngdal kommune har studentane jobba med caser som handlar om utenforskap blant ungdom, kommunale tjenester i butikk, og utviklinga av nytt helsehus. Les meir om emnet her
ORG469 - Entrepreneurial Opportunities and Concept Development
Som ein del av emnet sender vi ei tverrfagleg studentgruppe på masternivå til Risør frå søndag til fredag, saman med ei gruppe studentar frå Oslo (tidlegare har det vore frå både AHO og Kristiania). Studentane får opplæring i Design Thinking og jobbar gjennom prosessen for å utvikle konsept for Risør, til dømes for å tiltrekke og behalde kompetanse, utvikle kultur- og reiselivsnæringa, samt jobbe med avfallshandtering og meir. CoLAB har delansvar for både praktisk og fagleg gjennomføring. Emnet er ikkje tilgjengeleg på det nye UiA, men det blir omtalt som eit aspekt i andre emne.