Senter for yrkesfag og opplæring skal i samarbeid med vidaregåande skular og lærebedrifter, ta yrkesopplæringa i regionen til nye høgder og bidra til å knyte tettare band mellom universitetet, skular og arbeidsliv.
Som ein del av regjeringa si satsing på yrkesfag vart Senter for yrkesfag og opplæring i arbeidslivet etablert ved Universitetet i Agder. Senteret skal drive vidareutvikling av yrkesopplæringa i skule og arbeidsliv, i samarbeid med fylket. Senteret vil gje fagleg og økonomisk støtte til utprøving av nye metodar, læremiddel, undervisningsopplegg og vurderingsformer og følgje opp aktivitetar i forskingsgruppa tilknytt senteret.
Sitt du med ei utfordring eller ein idé til eit prosjekt?
Meld inn ideen din
Senteret kan tilby:
- Fagleg og økonomisk støtte til utviklingsarbeid i yrkesfaga.
- Utviklingsarbeid med vgs og lærebedrifter i Agder.
- Kompetansegjevande etter- og vidareutdanning i programfaga.
- Styrkje samarbeid med bransjeorganisasjonar, opplæringskontor og bedrifter.
- Relevant og praktisk opplæring for instruktørar og praksisrettleiarar i lærebedrifter og arbeidsplassar.
- Betre kunnskap om yrkesfag og sikre relevante yrkesval for ungdom.
- Skreddarsydde kurs og opplæringstilbod.
Dosent
- E-post
- hans.o.ringereide@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 24 31