Om KFP

KFP bygger på Community-Based Participatory Research (CBPR), ei tilnærming til forsking som har fokus på samarbeid og samskaping mellom forskar og kommune. Her tar ein utgangspunkt i kommunale forskingsbehov, sørger for at alle involverte partar er likeverdige i forskingsprosessen og at resultata blir nyttiggjorde i praksis.

Kvifor delta i KFP?

KFP gir masterstudentar ved UiA eit høve til å jobbe med relevante og praksisnære problemstillingar i masteroppgåva si. Målet med KFP er å fange opp forskingsbehov ute i den kommunale helse- og omsorgstenesta og samtidig skape praktiske forskingsmoglegheiter for masterstudentane. SOF, sør har etablert eit tett samarbeid med kommunane for å hente inn behov for forsking og innovasjon. Tema til KFP prosjekt kan enten veljast frå aktuelle masteroppgåveprosjekt eller studenten kan forslå ei eiga problemstilling. Søknad til masterstipendet er ope for alle studentar ved Universitetet i Agder.

kvinnelig student, blå himmel, smiler
Eg er svært takksam for å fått lov til å bli med i kommuneforskingsprogrammet. Det å få arbeide med ei samfunn-relevant problemstilling har vore svært givande. Stor takk! (Unni Rudolfsen, MA i Folkehelse, 01.09.2022)

Fordelar for studentane

  1. bidra til samfunnsnyttige løysingar
  2. fordjuping i praksisnær forsking
  3. oppfølging frå både SOF og kommunen
  4. moglegheit til publisering av oppgåva
  5. moglegheit til framtidig stipendiatstilling

Fordelar for kommunane

  1. dekke behov for småskalaforsking
  2. auka forskingskapasitet
  3. kunnskapsutvikling
  4. moglegheit for felles publisering
  5. moglegheit til større forskingsprosjekt

Aktivitetar i KFP

2022: KFP Kickoff

I april 2022 hadde i alt seks studentar ved fakultetet for helse- og idrettsvitskap starta arbeidet sitt med masteroppgåve knytt til KFP. Les nyheitsartikkel

Bildet kan inneholde: smil, jeans, hylle, flaske, alkoholholdig drikke.
“Vi opplever at studentane er veldig engasjerte. Fleire seier dei vil skrive ei masteroppgåve der resultata blir brukt og kan føre til ei endring i helse- og omsorgstenestene“, seier Krisztina Czinki, prosjektleiar ved Senter for omsorgsforsking, sør (nummer ein frå venstre). Her på kickoff for programmet i mars 2022. Frå venstre: Krisztina Czinki (prosjektleiar SOF, sør), Unni Rudolfsen (student), Sunniva Lundhaug Andresen (student), Marthe Kirkefjord Losnedahl (student), Brooke Ann Hollister (forskingsleiar, SOF, sør), Anette Brunsgaard Reinertsen (student), Kjersti Hestås (student)

Masteroppgåve presentasjon i Strømmehaven bukollektiv (Kristiansand kommune)

Unni Rudolfsen (MA i folkehelse) blei ho første KFP studenten som i 2022 fullførte masteroppgåve med tittelen ’Hvordan påverkar omsorgskonsept til personar med demens pårørande og livskvaliteten deira?’. Unni presenterte funna av masterprosjektet i Strømmehaven bukollektiv den 31. august 2022. Presentasjonen blei etterfølgd av gode diskusjonar mellom Unni, SOF, sør, tilsette og leiarar frå Strømmehaven.

Bildet kan inneholde: smil, blomst, kreativ kunst, kunst, tilpasning.
Foto av SOF, sør: fra venstre Mette Moe Olsen (Kristiansand kommune), Unni Rudolfsen (KFP student), Heidi Mitchell (Kristiansand kommune), Brooke Hollister (SOF, sør)

Workshop med USHT Agder vest

Tilsette ved SOF, sør og Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Agder vest jobba saman den 22. november 2022 for å definere prosjektforslag til masterstudentar ved UiA. Arbeidet resulterte i ei rekke spennande og aktuelle tema for masteroppgåver.

Bildet kan inneholde: bord, hånd, stol, sosial gruppe, t skjorte.
Foto: Krisztina Czinki, SOF, sør
Publisert 5. juli 2024 - Sist endra 9. apr. 2026