Program:
Kl. 18:30. Foredrag om: Skeivskap til sjøs i den norske handelsflåten
Vi startar kvelden med eit foredrag ved Bård Gram Økland, konservator ved Bergens Sjøfartsmuseum.
Han vil dele forskinga si om skeivskap i den norske handelsflåten, og om korleis livet for skeive sjøfolk har utvikla seg over tid, mellom anna:
- Livet for sjøfolk før og etter avkriminaliseringa av seksuelle handlingar mellom menn i 1972
- Forteljingar frå sjøfolka sjølve om deira erfaringar med skeivskap
- Moglegheiter og motstand dei møtte om bord på skipa
Kl. 19:30. Panelsamtale om: Refleksjonar kring skeivskap i dagens maritime næringar
Panelsamtalen blir leia av Margrete Barcus-Sævareid frå Grimstad Filosofikafé.
Kveldens panel:
- Mary Ann Skretteberg Warenius frå UiA - Senter for likestilling
- Bård Gram Økland frå Bergens Sjøfartsmuseum
- Kari Skår Dahl frå Stiftelsen Fullriggeren Sørlandet og A+ World Academy
Vi ønskjer å skape ein open og inkluderande samtale om korleis vi kan forbetre arbeidsmiljøet, både for kvinner i mannsdominerte miljø og for skeive i heteronormative miljø. Bli med oss på ein kveld med læring, refleksjon og fellesskap!
- Dørene opnar kl. 18.00.
- Det blir servering av kaffi og te med noko søtt attåt.
- Fri inngang! Vi tilrår å bestille gratisbillett på førehand.