Dagens farsideal er å vere ein nærverande og sjølvsagd del av barna sine liv. Men dette idealet vert utfordra i samfunnsdebatten, og særleg på sosiale medium, der vi ser aukande kjønnspolarisering.
Mange influensarar fremjar meir tradisjonelle kjønnsroller i familien basert på biologi, der kvinna skal vere familiens omsorgsperson og mannen skal vere familiens hovudforsørgjar.
Velkomen til debatt om farsrolla og nye maskulinitetar, der vi vil belyse spørsmål som:
- Er norsk likestillingspolitikk god nok til å romme ulike måtar å vere mann på?
- Kva kan farsrolla lære oss om framtidas omsorgsbehov?
- Kva hindrar fedrar i å ta ei større omsorgsrolle i dag?
Program
Velkomen ved ordstyrar Lee Michael Shults, førsteamanuensis og leiar ved UiA – Senter for likestilling.
Innleiing:
«Forventingar til fedrar og deira oppleving av møtet med helsestasjonen» ved Bente Kristin Høgmo, førsteamanuensis ved UiS.
Ho er førsteamanuensis ved Det helsevitskaplege fakultet, Avdeling for folkehelse. Og forskar på foreldre, fedrar og helsestasjonstenesta.
Panelsamtale:
Farsroller i endring: Treng vi ein oppdatert tilnærming til fedrar som omsorgspersonar?
- Bente Kristin Høgmo, førsteamanuensis ved Det helsevitskaplege fakultet, Avdeling for folkehelse (UiS)
- Berit Eggebø Næss, seniorrådgjevar i Reform – ressurssenter for menn og leiar av prosjektet Ein likestilt helsestasjon
- Kenneth Mørk, politikar i Kristiansand (Ap)
- Ronald Mayora Synnes, professor ved Institutt for sosiologi og sosialt arbeid (UiA)