Skeiv tematikk på dagsordenen

I podkasten frå Senter for likestilling blir du oppdatert på det skeive feltet. 

På bildet står Mary Ann Skretteberg Andersen og Thea Litschi og smiler mot kamera. Bak dem er en murvegg.

I vår kan du høyre Mary Ann Skretteberg Andersen og Thea Litschi. Foto: Knut Knudsen Eigeland

Denne artikkelen blei første gong publisert i januar 2024.

I den nye podkasten Skeiv dagsorden frå Senter for likestilling deler rådgivarane Mary Ann Skretteberg Andersen og Thea Litschi skeiv tematikk med deg.

Annakvar veke vil dei to rådgivarane ved Senter for likestilling oppdatere deg på kva som har skjedd i nyhendebiletet, knytt til tematikk rundt kjønns- og seksualitetsmangfald.

Podkasten er meint som ei lettbeint oppsummering av aktuelle skeive nyheiter, der både fakta, humor og personlege forteljingar kjem på bordet.

Både gladsaker og alvorlege tema

– Tanken er at alle, både dei som er meir enn gjennomsnittleg oppdaterte på tematikken, og dei som ikkje er det, kan få noko ut av å høyre på podkasten vår. Han vil ta for seg både gladsaker, men òg meir alvorlege saker. Så lenge det er skeivt, kjem vi til å snakke om det, seier Thea Litschi.

Episodane vil vere om lag 20 minutt lange, noko som ifølgje Mary Ann Skretteberg Andersen er nøye gjennomtenkt:

– Ein episode på 20 minutt rekk ein gjerne å høyre til morgonkaffien, på bussen på veg til jobb, eller i lunsjen mellom førelesingar. Då slepp ein å høyre episodane stykkevis og delt.

Både nye rapportar, undersøkingar, filmar og generelle nyheitssaker er blant det som vil bli tekne opp i podkasten.

Vil både lære bort og underhalde

– Det kan vere lett å bli skremd av store rapportar eller undersøkingar, og kanskje òg av ukjende ord og omgrep. Men vi skal prøve så godt vi kan å gjere det så forståeleg som mogleg for ei forhåpentlegvis mangfaldig lyttarskare, fortel rådgivarane.

Duoen vil i tillegg publisere fleire temaepisodar i løpet av våren, mellom anna om minoritetsstress, pride, representasjon og skeiv kunst.

Skretteberg Andersen og Litschi håpar at så mange som mogleg, uavhengig av forkunnskapar, vil høyre på podkasten – både for å lære og for å bli underhaldne.

Første episode blir sleppt 1. februar 2024, og deretter publisert annakvar torsdag.

Du kan høyre podkasten her

Publisert 18. mars 2024 - Sist endret 23. des. 2025