Markerte 20 år med likestillingskonferansar

– Vi var fly forbanna, seier viserektor Hilde Inntjore om kvifor UiA si likestillingskonferanse såg dagens lys for 20 år sidan. 

Hilde Inntjore på scena på Universitetet i Agder

Hilde Inntjore var med og starta likestillingskonferansane ved UiA. Foto: UiA

Av Knut Knudsen Eigeland
Publisert 22. jan. 2024 - Sist endret 23. des. 2025

I 2003 blei den aller første likestillingskonferansen arrangert ved Universitetet i Agder.

I 2023 er namnet endra til Likestillings- og mangfaldskonferansen, med Vegar mellom utanfor­skap og innanfor­skap som tema.

Hilde Inntjore, som no er viserektor, brukar ein snigel med godt humør som bilete på likestillingsutviklinga dei tjue åra som har gått.

– Men kvifor starta Inger Kristiansen og eg med likestillingskonferansar? Den gongen hadde vi fokus på kjønnsbalansen, mellom anna i akademia og i det offentlege. Vi såg at det var himla skeivt. Vi blei fly forbanna. Det må vere lov å seie, seier ho.

Agders største likestillingskonferanse

Den kjensla brukte dei til å lage ein konferanse. Arbeidet med den aller første likestillingskonferansen gav resultat.

– Vi braut brannforskriftene fordi det kom så mange, minnest ho.

Med åra har dette blitt Agder sin største konferanse som tek opp ulike likestillingsperspektiv.

Inntjore var òg sentral i opprettinga av Senter for likestilling, og ho tok initiativ til – og leia – utgreiingsarbeidet for etableringa av likestillingsstudiet ved UiA.

Viktige FN-mål

No meiner ho utviklinga har gått frå kvinnekamp via likestilling til mangfald. Difor peikar ho på FN sine berekraftsmål.

– Der ser vi til dømes berekraftsmål nummer fire om god utdanning. Vi som driv forskingsbasert utdanning har ei kjempeviktig oppgåve framover, seier Inntjore.

Historia om oppstarten av likestillingskonferansen fortalde Inntjore på årets konferanse, som blei halden 6. desember. Då blei det òg markert at det er 20 år sidan den første konferansen blei arrangert.

Likestillings- og mangfaldskonferansen i 2023 handla om vegar mellom utanfor­skap og innanfor­skap, der unge skal få ei oppleving av å vere ein del av innanfor­skapet i samfunnet vårt.

Samiske perspektiv

Difor var den samiske aktivisten og slampoeten Ida Helen Benonisen blant deltakarane.

Ho har hatt ei sentral rolle i Fosen-aksjonane – aksjonar mot menneskerettsbrotet mot samane på Fosen.

– Sjølv om eg representerer unge på denne konferansen, representerer eg inga ung sak. Og kolonisering av samiske landområde skjer framleis, sa ho, og peika på at det enno ikkje er gode levekår for urfolk og minoritetar.

Frå konferansescena delte ho korleis bakgrunn og etnisitet har vore ei kjelde til skam i familien.

Tok kofta tilbake

– Eg er den første i generasjonar som har teke kofta tilbake. Og eg vil at andre skal sleppe å bli fornorska slik familien min har blitt, sa ho.

Konferansier Joel Nziza ville vite kva den enkelte kan gjere.

– Det er vanskeleg å endre hundreår med samfunnsstrukturar, men ein kan mellom anna starte med å vere merksam og snakke med folk rundt seg. Det krev at ein endrar det ein held på med, svara Benonisen.

Ein konferanse om utanfor­skap og innanfor­skap, mellom anna blant unge, kom heller ikkje utanom fenomenet Andrew Tate.

– Tate kan ikkje ignorerast

– Det er ikkje ein mann eg vil løfte fram, men han er innflytelsesrik og har ei gjennomslagskraft som ikkje kan ignorerast, sa seniorforskar Fredrik Langeland ved Nordlandsforskning. Han forskar på kjønn, likestilling og levekår.

Andrew Tate deler haldningar om at menn er overordna kvinner, og at kvinna sin plass er i heimen.

Langeland trekte òg fram mannosfæren, eit omgrep som blir brukt om ulike rom på nettet der menn samlast for å drive ei form for mannsaktivisme.

– Det kan vere nettsider, bloggar, chatterom og YouTube. I nordisk samanheng blei dette miljøet kartlagt i 2020, fortalde Langeland.

Levekårsutfordringar er komplekse

Kartlegginga viste at rundt 850 menn er aktive på mellom anna Twitter, Reddit og 4Chan.

– Det er ikkje eit stort miljø, men det er utfordrande haldningar, peika Langeland på.

Også andre perspektiv blei løfta fram under årets konferanse.

– Problemet med levekårsutfordringar er at det er så komplekst, konstaterte psykologspesialist Ingvild Stjernen Tisløv.

Måtte ut av komfortsona

Ho snakka om økonomisk utanfor­skap og fortalde om ei av familiane ho hadde jobba med som psykolog.

Løysinga i dette tilfellet blei eit arbeid for å få til ein stabil bustad for mor og dotter – med andre ord ein stad familien kunne bu over tid.

I tillegg fekk mora ein praksisjobb, sjølv om Nav meinte ho var for sjuk til å jobbe. Ein lærar sa òg ja til å tilby jenta frukost kvar dag før skulestart.

– Men det viktigaste vi jobba med, var å få betre oversikt over utgiftene. Og her måtte eg som psykolog ut av komfortsona, fortalde Tisløv.

Ho skildra det positive i arbeidet som at dei ulike aktørane som skulle hjelpe, ikkje jobba i stafett, men samtidig.

– Håpet mitt er at vi gjer noko med ulikskap. At betalingsproblem og fattigdom blir kartlagde, og at vi sluttar med tiltak som aukar stigma eller den økonomiske byrda for sårbare familiar, avslutta Tisløv.