Det er ein spent duo frå Senter for likestilling som kjem inn i den store stova der dei innsette har fått beskjed om å møte opp.
Vi er inne – bak gjerde og gitter – i Evje-avdelinga ved Agder fengsel.
Når vi er på besøk, er det 15 personar som sonar her på det som blir kalla lågare tryggingsnivå.
Her har leiinga spurt om rådgivarane Mary Ann Skretteberg Andersen og Thea Litschi kan kome for å snakke om kjønns- og seksualitetsmangfald – først med dei innsette, deretter med dei tilsette.
Ønskte meir kunnskap
– Vi manglar kompetanse på dette området, seier fengselsførstebetjent Ragnhild O. Nomeland.
Det er ho som har invitert fagfolka frå Senter for likestilling på besøk.
Dei siste åra opplever dei tilsette oftare enn før at innsette fortel om kvar dei kjenner at dei høyrer heime når det gjeld både kjønn og seksualitet.
– Men det er viktig å understreke at i eit fengsel er det stor aksept blant innsette for å vere annleis, seier Nomeland.
Likevel er det mangel på både kunnskap og språk om tematikken blant både tilsette og innsette. Difor inviterte ho personar med kompetanse på feltet.
Ei spennande førespurnad
Ved Senter for likestilling er dette ein naturleg del av arbeidet – å takke ja til fengselsbesøk.
– Det var ei veldig spennande førespurnad frå ein sektor vi enno ikkje hadde besøkt. Vi såg det som ei moglegheit til å bidra med kompetanseheving til nokon som sjølve ønskte og såg behovet for å vite meir om kjønns- og seksualitetsmangfald, seier rådgivarane Thea Litschi og Mary Ann Skretteberg Andersen.
Det er sett av éin time til dei innsette først.
Litschi og Andersen startar med å snakke om normer meir generelt, før samtalen går over til å handle meir konkret om kjønns- og seksualitetsmangfald. I spørsmål og samtalar med dei innsette kjem dei inn på både omgrepsbruk og korleis ein kan få eit meir inkluderande språk.

Mykje engasjement
Det er obligatorisk for dei innsette å delta, og ikkje alle er like interesserte. Likevel er det fire–fem som svarar, stiller spørsmål og undrar seg høgt.
Etterpå gjentek dei to rådgivarane opplegget for 13 fengselstilsette på eit lite møterom.
– Vi opplevde at både dei fleste innsette og tilsette var svært engasjerte i møtet med oss og tematikken, og at det var høgst relevant for kvardagen til mange i fengselet. Mange delte òg personlege og sjølvopplevde erfaringar som vi i eit trygt rom kunne diskutere saman, fortel Litschi.
Også blant dei tilsette går diskusjonen når gruppeoppgåvene blir sette i gang, og fleire deler eigne opplevingar frå møte med innsette.
Tydeleg behov
– Det var tydeleg at behovet for å snakke om tematikken blei sett pris på av begge gruppene. Vi tilpassar alltid opplegga våre etter kven vi skal møte, sjølv om kjernen i alt vi gjer er den same. Enten det er i fengsel, skule eller i helsesektoren, handlar det om å ha eit språk for å møte alle menneske på ein god måte – og å skape trygge rom der ein kan snakke saman, seier dei to rådgivarane frå Senter for likestilling.
Ein time med dei innsette og ein time med dei tilsette går fort. Difor håpar dei at besøket har sett i gang tankar hos både dei som jobbar i fengselet, og dei som sonar der.
– Det var veldig spennande å besøkje eit fengsel, sidan det er ein såpass lukka institusjon – men med like mangfaldige menneske som i samfunnet elles, avsluttar rådgivarane på veg ut av fengselsportene.