Kva fortel vi om Agder og arbeidet vårt når vi møter toppleiinga i Kultur- og likestillingsdepartementet - Norge?
I går møtte likestillingssenta i Noreg toppleiinga i departementet, som sentra høyrer inn under.
På møtet fekk Senter for likestilling høve til å informere om kva senteret meiner er dei viktigaste oppgåvene for landsdelen framover, seier fungerande leiar Claudia Klostergaard.
Klostergaard trekte fram desse momenta:
- Senter for likestilling meiner det er viktig å lage eit næringslivsbarometer for å finne ut kva som ligg bak at fedrar i mindre grad tek ut fedrekvoten, og at kvinner i større grad jobbar deltid. Er dette ei struktur- eller kulturutfordring?
- Senteret meiner òg at vår og Universitetet i Agder si haldningskampanje mot seksuell trakassering blant studentar kan bidra til at fleire unge menn vil – og kan – ta del i diskursen om seksuell helse. Kampanjen har vore ein god start for å gjere det endå betre å vere ung og student i Agder og i resten av landet.
- Skeive sine levekårsutfordringar i Agder heng saman med mangel på kompetanse blant tilsette i kommunale tenester. Difor må vi jobbe endå meir målretta med å bidra til eit kompetanseløft i tenesteapparatet i Agder.
- Inkluderande kommunikasjon og digital inkludering veks fram som stadig viktigare område for å synleggjere mangfald og skape tilhøyrsle.
Saman med leiarane frå dei andre likestillingssenta – Likestillingssenteret KUN, Reform – ressurssenter for menn og Likestillingssenteret – møtte vår fungerande leiar Claudia Klostergaard og fakultetsdirektør Målfrid Tangedal ved Fakultet for samfunnsvitskap ved Universitetet i Agder statssekretærane Erlend K. Hanstveit og Even Aleksander Hagen for å fortelje om sentra sitt arbeid.
Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery var sjuk denne dagen.
– Overfor dei to statssekretærane fekk Senter for likestilling og dei andre sentra synleggjort at vi samla utgjer praksisfeltet si viktigaste kompetanse på likestilling, seier Klostergaard.